Normal

Bil på taket etter utforkøyring

Ei kvinne fekk mindre personskadar då bilen ho køyrde hamna på taket etter ei utforkøyring på Valderøya torsdag morgon.

Laster kart, vennligst vent...

Ei kvinne fekk mindre personskadar då bilen ho køyrde hamna på taket etter ei utforkøyring på Valderøya torsdag morgon.

Det var i 07.30-tida torsdag morgon at naudetatane rykka ut til ei utforkøyring ved Ytterland på Valderøya.

Bilen kom over i motsett køyrefelt på grunn av dårlege køyreforhold og hamna i grøfta, opplyser politiet.

– Bilen hamna på taket i utforkøyringa, men føraren av bilen kom seg ut på eigen hand, seier Jon Bratland, operasjonsleiar i politiet på Sunnmøre.

Kvinna fekk mindre personskade i ulukka og vart varetatt av ambulansepersonell på staden.

Det skal ikkje vere trafikale problem på staden.

– Bergingsbil er bestilt, og bilen blir truleg fjerna snart, seier Bratland.