Hopp til innhold

Bil og MC har kollidert i Ålesund

Politiet melder at ein bil og ein MC har kollidert på fylkesveg 534 på Lerstadvegen i Ålesund. Naudetatane er framme på staden og det skal vere trafikale utfordringar. To personar var involvert i ulykka, ein bilførar og ein MC-førar.

Like før kokka halv eitt seier politiet at MC-føraren takast med til akuttmottak på Ålesund sjukehus, men dei kan ikkje seie noko konkret om skadeomfang. Brannvesenet ryddar vegbana.

MC og bil kolliderte i Lerstadvegen i Ålesund
Foto: Kjetil Vassbakk