NRK Meny
Normal

Bil køyrde inn i hus på Ellingsøya

Ein person er lettare skadd etter at ein bil køyrde inn i eit bustadhus på Ellingsøya onsdag formiddag.

Onsdag formiddag køyrde ein bil inn i eit bustadhus på Ellingsøya.

Det var like etter klokka 11.00 at politiet melde om ein bil som hadde køyrd inn i eit bustadhus på Ellingsøya.

Politi og ambulanse rykka raskt ut til staden.

Føraren av bilen vart behandla av ambulansepersonell på staden og frakta til Ålesund sjukehus med lettare personskadar, seier John Trygve Bratland, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Ifølgje politiet på staden skal bilføraren ha vore bevisst.

Ukjent årsak

Bil i hus Ellingsøya 251115

Bustaden fekk store skader.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Bustaden skal ha fått store materielle skader i ulukka.

– Det har blitt skader både på grunnmur og kjellar, seier Bratland.

Eigaren av bustaden var ikkje heime då ulukka skjedde, men har blitt varsla om saka.

Det er så langt ukjent kva som er årsaka til at bilen køyrde inn i bustadhuset.

– Vi har ein patrulje på staden, og vil gjere undersøkingar for å finne årsaka, seier operasjonsleiaren.

Politiet vil også snakke med bilførar for å få klarheit kva som har skjedd.