Hopp til innhold

Bil i sjøen, slagsmål og bråk

Det har vore både slagsmål og anna bråk i Møre og Romsdal i går kveld og i natt. På Frei hamna ein bil med ungdommar i sjøen seint fredag kveld.

Bil i sjøen

Naudetatane rykte ut, men ungdommane hadde sjølve kome seg på land.

Foto: tipsar

Dei fem kom seg på land ved eiga hjelp, men naudetatane rykte ut til staden. Ungdommane blei sende til legevakt for sjekk.

I følgje politiet var dei fem i alderen 14 til 17 år og Ingen av dei fem var gamle nok til å køyre bil. Bilen var heller ikkje registrert, seier operasjonsleiar Styrkar Gagnat.

Bilen blei liggande på grunt vatn.

Pågripen etter slagsmål

I Eide er ein mann pågripen etter eit slagsmål utanfor ein utestad. Det melder politiet.

I alt tre unge menn blei sende til legevakt og sjukehus etter basketaket som starta på ein utestad i Eide.

– Slåstinga skal ha halde fram ein annan stad seinare ut på natta, det seier operasjonsleiar Styrkar Gagnat til NRK.

Laster Twitter-innhold

Dei tre skal ha fått skadar i hovudet og i ansiktet. Gagnat seier dei enno ikkje har avhøyrt dei involverte.

Biltjuveri, skadeverk og bråk

Politibil illustrasjon

Politiet har rykt ut til både slagsmål og tjvueri i løpet av natta.

Foto: Illustrasjon / NRK

I Ålesund kan politiet melde at ein ung gut blei pågripen etter at han og fleire andre skal ha stole ein bil. Dei sprang frå bilen før politiet kom til staden, men føraren blei pågripen etter søk.

Fleire unge menn blei i løpet av natta vist vekk frå ein utestad i sentrum av Ålesund på grunn av bråk. Ein av dei kom også med trugsmål mot vaktene på staden og slo til ein politimann før han sprang frå staden. Han blei pågripen av politiet og saka vil bli etterforska vidare.

Også i Fosnavåg blei ein mann vist bort frå ein utestad på grunn av bråk og skadeverk.

På Haried rykte politi og brannvesen ut til ein campingbil som tok fyr. Bilen stod parkert og det var ikkje folk i denne då det tok ti å brenne. Brannen førte til skadar inne i bilen og saka blir etterforska.