NRK Meny

Bil i grøfta, to til sjukehus

Politiet melde rundt klokka 17.00 om ei utforkøyring i Malmedalen der to personar var i bilen. Først blei det meldt om brann i bilen, men ein utløyst airbag som skapte røyk var «brannen». – Førar og passasjer er brakt til sjukehus for sjekk, opplyste politiet på Twitter. Etter om lag 45 minutt gjekk trafikken som normalt.