NRK Meny
Normal

Bil hamna på taket i Kristiansund

Ein bil har køyrt utfor vegen og hamna på taket på fylkesveg 265 ved Rensvik i Kristiansund. Føraren er sendt til legevakt for sjekk.

Bil på taket i Rensvik i Kristiansund
Foto: Heine Schjølberg

Politiet fekk meldinga om ulykka 14.35.

Det var berre ein bil involvert i utforkøyringa. der bilen hamna på taket i Rensvik på Frei.

– Vedkomande er sendt til legevakt for sjekk, seier operasjonsleiar Styrkar Gagnat ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har fått melding om at det er glatt frå dei som er på staden. Bilen er no fjerna og vegen er open.