NRK Meny

Bil hamna på taket

To personar vert melde til politiet etter ei trafikkulukke i Måndalen i Rauma i ettermiddag. Då politiet kom til staden låg ein bil på taket, men ingen personar var i nærleiken. Politiet drog til heim til bileigaren som var påverka av alkohol. Hjå bileigaren var også ei kvinne som innrømte å ha køyrt bilen. Også ho var alkoholpåverka. Ingen vart skadd i ulukka.

Flere nyheter fra Møre og Romsdal