Hopp til innhold

Bil hamna i sjøen - mann (19) frakta til sjukehus

Ein 19 år gamal mann er sendt til St. Olavs hospital i Trondheim etter at bilen han køyrde hamna i sjøen i Surnadal på Nordmøre.

Bil i sjøen i Surnadal

Ein 19 år gamal mann fekk hovudskadar etter at han køyrde i sjøen i Surnadal.

Foto: John J. Storholt / John J. Storholt

Politiet fekk klokka 12.13 søndag melding om at ein bil hadde hamna i sjøen i Bæverfjord i Surnadal og at éin person var tatt ut av bilen. Det var forbipasserande som melde frå.

Dykkarar søkte etter om det kunne vere fleire personar i eller utanfor bilen, men klokka 13.40 melde politiet om at dei kunne stadfeste at det berre var éin person i bilen då ulykka skjedde. Personen er ein 19 år gamal mann.

– Helsepersonell driv med livreddande tiltak på staden, fortalde operasjonsleiar Jon Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK klokka 13.20.

Bil i sjøen i Surnadal

Dykkarar søkte i sjøen i tilfelle det var fleire personar som var med i bilen.

Foto: John J. Storholt

Frakta til sjukehus med hovudskadar

Mannen har hovudskadar, men politiet kan ikkje seie noko om kor alvorleg skadane er. 19-åringen er medviten og er no frakta til St. Olavs hospital i Trondheim.

Politiet veit ikkje kva som er årsaka til at bilen har hamna i vatnet, men har tilkalla krimteknikarar og trafikkulykkesgruppa frå Statens vegvesen.

– Fokuset vårt har vore på å berge liv og på å finne ut om det var fleire involverte, seier Bratland.

Fylkesveg 65 ligg nært sjøen og var periodevis stengd etter ulykka, men er no open for fri ferdsel.

Det er regn og tungt skydekke på staden.

Bøverfjord