Hopp til innhold

Bil hamna i sjøen

Ein utanlandsk varebil har trilla gjennom bommen og hamna i sjøen på ferjekaia på Edøya i Smøla kommune. Politiet opplyser at det ikkje er folk i bilen.

Øydelagt bom på ferjekaia på Edøya

Bommen på ferjekaia blei øydelagt då bilen trilla gjennom.

Foto: Morten Granås/Nordvestnytt

Siste: Klokka 21.15 melder Fjord1 at ferjekaia er open igjen etter uhellet . Folk på staden fortel at bilen først blei liggande på ei grunne før den forsvann i sjøen, men at den seinare forsvann ned i sjøen og ikkje lenger er synleg på overflata. Uhellet skjedde like før klokka 19.30 torsdag kveld.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Frode Gjøsund

Frode Gjøsund er operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Politiet

Operasjonsleiar Frode Gjøsund seier det blei gjort forsøk på å stanse bilen.

– Bilen var blitt parkert like før, og sjåføren hadde gått inn i kiosken, seier han.

– Like etter er det ein annan person som ser at bilen er i ferd med å trille ut i sjøen. Han prøvde å stoppe den, men bilen var låst og han kom seg ikkje inn.

Han seier dei rask fekk avklart at det ikkje var folk i bilen.

– Nei, heldigvis var det ingen inne i bilen, elles kunne det gått verre.

Ingen kom til skade då ein bil køyrde gjennom bommen på ferjekaia på Edøya og hamna i sjøen.

Ferjekaia stengt

Gjøsund seier bilen først blei liggande delvis flyt i vatnet og delvis ligg på ei grunne der ferja skal legge til.

– Men det er ikkje skadar på sjølve ferjekaia anna enn på bommen, seier Gjøsund.

Edøy

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL