NRK Meny
Normal

Bieber-hysteriet har nådd skulane

Idoldyrkinga når nye høgder, når Ålesundsskulane legg om tentamenar og prøver på grunn av Justin Bieber-konsert. Takk, seier elevane.

Skulane i Ålesund tek konsekvensen av at store delar av elevmassen skal på Justin Bieber-konsert på Fornebu seinare i månaden. Idoldyrkinga ser ut til å nå nye høgder, og titusener av tenåringsjenter har starta nedteljinga.

Seks skular i Ålesund flyttar tentamenar og prøver frå datoane Justin Bieber har konsertar i Oslo.

– Eg trur halvparten av jentene på skulen skal på konserten, fortel Birte Sofie Fjørtoft.

Glad for skulefri Bieber-ferie

Birte Sofie Fjørtoft er glad for at lærarane flyttar på prøver for Justin Bieber-konsert.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Ho er belieber på sin hals, og på jenterommet har den kanadiske 19-åringen sett sitt preg.

Fjørtoft har besøk av venninnene, og med NRK på besøk viser ho fram ei boks med noko ho helst vil ha i Justin Bieber sine hender.

– Eg har byrja å skrive brev til han. Her står det kvifor eg likar han, kva han har gjort for meg og kor mykje eg har ropa til han, fortel Fjørtoft.

Bieber-fans i Ålesund

Fem jenter, alle forelska i Justin Bieber.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tenåringsjenter i hopetal

Jentene er nokre av svært så mange verda over. Justin Bieber-fansen, ekstremt dominert av jenter i tenåringsalder, møtest om to veker i Oslo.

16., 17. og 18. april held Bieber tre konsertar i Telenor Arena. Jentehyl i hopetal er venta.

På jenterommet i Ålesund sit fem av jentene, alle forelska i den same 19-åringen.

– Han er utruleg kjekk. Han har utruleg fint hår, ansikt, mage ... alt eigentleg, seier Fjørtoft.

Saka held fram under bildet.

Justin Bieber i Oslo

Justin Bieber sin gratiskonsert i Oslo skapte fullstendig kaos i 2012.

Foto: Dinamo/NRK

Kaos i Oslo

I fjor laga Bieber totalt kaos i Oslo.

Ein gratiskonsert på Operataket enda i tårer for svært mange jenter, då «berre» 5000 jenter fekk plass på konsertarenaen.

Når jentebedåraren igjen inntek Oslo er tiltaka på plass. Men ekstra tiltak har nådd heilt opp til Nordvestlandet.

Roar Aasen

Roar Aasen, leiar for skuleleiargruppa i Ålesund og rektor ved Blindheim ungdomsskole.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Ein kamp vi ikkje ville vinne

For ved mellom anna Blindheim ungdomsskole har norsktentamen for tiandeklassen blitt flytta, skriv Sunnmørsposten.

– Vi vurderte det slik at dette var ein kamp vi, i denne runda, ikkje ville vinne, seier Roar Aasen.

Han er rektor ved Blindheim ungdomsskole og leiar for skuleleiargruppa i Ålesund.

– Vi får gjere jobben over tid, gi dei god undervisning og gode haldningar som dei kan ta med vidare, seier rektoren.

For jentene, som skal på Bieber-konsert, er ein flytta tentamen svært gode nyheiter.

– Det er kjempebra! Vi er takknemlege for at dei tek hensyn til alle som skal på konserten, smiler Birte Sofie Fjørtoft.