– Love this, skriv den 19 år gamle popstjerna, om tentamensflyttinga i Ålesund, via sin eigen Twitter-konto.
Justin Bieber har dei siste åra fått unge tenåringsjenter verda over til å gå bananas. Tysdag såg skulane i Ålesund seg nødde til å flytte norsktentamen grunna Bieber sitt komande besøk.
For vår tids store stjerne i «teen pop»-sjangeren gjestar Oslo 16., 17. og 18. april. Arrangør og politi har pårekna totalt kaos, når unge jenter frå heile Noreg inntek hovudstaden.
- Les også:
Bieber > norsktentamen
Det var tysdag det blei klart at skuleleiargruppa i Ålesund hadde vedteke å flytte norsktentamen for alle ungdomsskulane i kommunen.
– Det er kjempebra! Vi er takknemlege for at dei tek omsyn til alle som skal på konserten, sa Birte Sofie Fjørtoft, ein av mange glade «beliebers» i Ålesund.
– Vi vurderte det slik at dette var ein kamp vi, i denne runda, ikkje ville vinne, sa Roar Aasen, leiar i skuleleiargruppa og rektor ved Blindheim ungdomsskole.
Saka har fått brei, brei omtale i media over heile landet, og tysdag kveld og i dag onsdag har ikkje reaksjonane late vente på seg.
Saka held fram under videoen.
CNN-raljering
For fleire trudde det var ein forseinka aprilspøk, men det var det altså ikkje.
Den svært så renommerte nyheitskanalen CNN tok føre seg flyttinga av norsktentamen gjennom programmet «Eirin Burnett OutFront».
- Les også:
– Ein skummel sjukdom har råka Noreg, og ført til uberegneleg oppførsel blant unge og born. Dette er seriøse saker, for eg pratar om «Bieber fever», opna Burnett.
Vidare fortalte ho svært så mange amerikanarar at sjukdomen har spreidd seg så langt at fleire skular i Ålesund har valt å flytte eksamen.
– Heile verda ler av oss
Tentamensflyttinga gjekk heller ikkje upåakta hen i politikarmiljøet.
– Eg er veldig kritisk. Det sender uheldige signal til elevane. Er det tentamen som er viktigast eller Justin Bieber-konsert?, spurte Kristin Tørrisen retorisk tidlegare onsdag.
Ho er fylkesformann i FpU i Møre og rosmdal og sit i bystyret og i komité for Kultur og oppvekst i Ålesund kommune.
Den garva Frp-politikaren Harald Tom Nesvik var òg kritisk til flyttinga.
– Eg blir heilt oppgitt. Dette gir ei signaleffekt opp i mot skulevesen og elevane om kva som er viktig. Dette går ikkje an. No ser vi at heile verda gjer oss til latter, kommenterte stortingspolitikaren.
- Les også: