Hopp til innhold

Her er det bibliotek langs turstiane

Barnebøker plasserte 12 stadar i populære turområde, får fart på små føter som er trøytte av å gå på tur. Dei spesielle biblioteka gir tur- og leselyst, er erfaringa.

Postkasse med barnebøker i turområde

Utebiblioteket i Daletegane ved Vikeelva i Ørsta er ikkje vanskeleg å få auge på ved råsa.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Då salige Ivar Aasen var liten gut heime i Ørsta, sprang han i skog og li, og enda ofte på kollen Høgetua, bak småbruket i Hovdebygda. Nettopp på Høgetua oppretta Ivar Aasen-tunet det første utebiblioteket med nynorske barnebøker for 10 år sidan.

I alt har no mellom 10 – og 12 000 turgåarar kvittert i gjestebøkene i bokkassene gjennom åra. Berre i fjor fann 3000 små og store turgåarar bokglede ute i det fri.

– Vi opplever ein enorm respons, seier Gaute Øvereng, dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet.

Postkasse med barnebøker ved utebibliotekt i Ørsta

12 slike små utebibliotek finst i turområde på Sunnmøre og i Nordfjord.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Så er dette også heilt spesielle bibliotek, som også går under namnet Barneboktua.

Pust i bakken med bøker

– Utebiblioteka gir ein pust i bakken for barn og vaksne. Det kan dei setje seg ned, nyte nista, finne ei god barnebok og prate om innhaldet. Så legg dei bøkene tilbake i kassen, før dei går vidare, seier Gaute Øvereng.

No er i alt 12 utebibiblotek oppretta i turområde i åtte kommunar på Søre Sunnmøre og i Nordfjord.

Dei ligg i Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Hornindal, Stryn, Sula og Ørsta. Flest har Sula med fire ulike Barneboktuer.

Leselyst

Bestemor Gudrun Øvrebotten og tre barnebarn nyttar gjerne dette tilbodet i Daletegane ved Vikeelva i Ørsta.

– Vi går ofte tur i lag. No skal vi fram å sjå kva vi finn i Barneboktua, og kose oss i lag over bøkene, seier farmor Gudrun.

Farmor og tre barnebarn på tur i skogen

Farmor Gudrun Øvrebotten på veg til utebiblioteket i Daletegane i Ørsta saman med Eirik, Håkon og Olav.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ho set stor pris på eit turmål med bokopplevingar for dei minste.

– Dette er veldig, veldig bra. Det kan tenne interessa for bøker. Kanskje kjem barn til å oppsøk folkebiblioteket og låne bøker seinare, nettopp fordi dei blei inspirerte til å lese då dei var på tur, seier Gudrun Øvrebotten

Vesle Olav er med farmor og er spent på bøkene som ligg og ventar ved rasteplassen i Daletegane.

Utebord og benker ved rasteplass i skogen

Koseleg sitteplassar for den som vil lese bøker på tur, finst det ved mange av utebiblioteka.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Eg likar å lese nifse bøker, og eg håper eg finn noko spennande der framme, seier Olav.

Plassen er gjort ekstra innbydande med benkar, bord og markblomster.

Gode tilbakemeldingar

Bøkene blir lagt ut i mai, og sesongen varer til oktober. Bøkene er tilpassa aldersgruppa tre til ti år. I tillegg til Aasen-tunet er fire forlag med på opplegget.

– Hovudgrunnen er å vise kor mange gode barnebøker på nynorsk som faktisk finst. Det opplever vi også at folk gir tilbakemelding om, seier Gaute Øvereng.

Portrett Gaute Øvereng

Gaute Øvereng ved Aasen-tunet slår fast at utebiblioteka har blitt ein stor suksess.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det manglar ikkje på skryt over opplegget.

– Ja, visst, svært mang meiner dette er eit godt tiltak, og somme spør om vi kan forlenge sesongen og opne tidlegare om vårane. Førebels er det ikkje aktuelt, men vi får sjå etter kvart, seier Gaute Øvereng, og smiler nøgd.

Initiativtakaren konkluderer med at utebiblioteka funkar svært godt, og stimulerer til meir bruk av nynorske barnebøker.