Hopp til innhold

Regnvêret har dobla bevegelsane i «Mannen»

Tidspunktet for at 4000 lastebillass med stein rasar i Romsdalen rykker stadig nærmare. Bevegelsen i fjellsida under «Mannen» har blitt større på grunn av ruskevêret.

Mannen

Mannen i Romsdalen.

Foto: Åknes Tafjord beredskap IKS

– Etter nedbøren i helga har bevegelsen i det øvste området, der fjellet bevegar seg mest, auka til 4–5 millimeter i døgnet, seier sjefgeolog ved Åknes Tafjord Beredskap, Lars Harald Blikra, til NRK.

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog ved Åknes/Taford Beredskap, Lars Harald Blikra.

Foto: Remi Sagen / NRK

Før helga var døgnbevegelsen nede i 1,8 millimeter per døgn og har altså meir enn dobla seg i løpet av helga. Det er som venta etter at det har falle 10 millimeter nedbør. Utviklinga framover

Mannen i Rauma er eitt av dei mest overvaka fjellpartia i landet. Radarar og anna måleutstyr er permanent plassert i fjellsida for å varsle om nye rørsler.

I starten av oktober blei det varsla om fare for ras, og det er framleis fare for at eit parti på mellom 10 000–40 000 kubikk kan rase ut i løpet av kort tid.

Mannen i Romsdal

Her kan du sjå direkte frå foten av fjellet Mannen i Romsdalen. OBS: Vi er i ein testfase, så videostraumen kan vere ustabil.

Mykje nedbør kan akselerere bevegelsen

– No er det meldt meir regn framover, så no er vi spent på om det kan kome så kraftig nedbør at vi kjem inn i ein akselererande fase, seier Blikra.

Dersom bevegelsen aukar frå dag til dag over tid er ein inne i ein akselererande fase som gjer at raset kan kome. Når den fasen kjem er det også mogleg å gjere nærare berekningar. Då kan det kanskje vere snakk om berre dagar før raset kan losne.

Slik situasjonen er no kan frost til vinteren også gjere at området stabiliserer seg og blir liggande roleg fram til våren, forklarer Blikra. Bevegelsen no er relativt stor, men jamn

– Spennande

Raset trugar ikkje folk eller infrastruktur, Blikra vedgår at situasjonen med Mannen er både spennande og lærerik for han og dei andre i Åknes/Tafjord Beredskap.

– For oss er dette ei reell hending og det er viktig for oss å lære av den både om korleis fjellet oppfører seg og i forhold til beredskap og informasjon til media.

Bevegelse i Mannen pr 20. oktober 2014

Grafen viser bevegelsen i «Mannen» frå 6. oktober og fram til i dag.

Foto: Åknes/Tafjord Beredskap