Hopp til innhold

Bevarar barnehage

Kristiansund kommune kjem ikkje til å legge ned Røsslyngveien barnehage. Kommunen slår heller ikkje saman barneskuleklassar for å spare pengar. Dette vedtok bystyret i Kristiansund i dag. Tilbodet Rask Psykisk Helse vert videreført. Kommunen skal likevel kutte 50 millionar kroner som blir jamt fordelt på budsjetta til dei ulike kommunale tenestene.

Kutta er 10 millionar kroner mindre enn det rådmannen foreslo.

Kristiansund bystyre
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL