Hopp til innhold

Mykje nedbør og vind kan gi betydeleg snøskredfare på søndag

Meteorologane melder at det kan bli ekstremvêr i helga. Det kan også gi betydeleg snøskredfare fleire plassar i landet. NVE ber folk oppdatere seg før fjellturen.

Skredobservasjon i Jølster

OBSERVASJON: Forholda på fjellet har vore svært fine i det siste, men det kan snu i helga. Bilde er tatt under ein observasjonstur i Jølster denne veka.

Foto: Brit Siv Fimland / NVE

– Dei siste prognosane viser eit hissig lågtrykk på veg inn. Det gir meir vind og nedbør, som då vil auke snøskredfaren i løpet av søndag, fortel Espen Nordahl hos snøskredvarslinga i NVE.

Espen Nordahl

VER FORSIKTIG: Espen Nordahl hos snøskredvarslinga i NVE ber folk ta forholda i betraktning og halde seg oppdatert før fjelltur i helga.

Foto: Privat

Stort sett heile Nordvestlandet er utsett for betydeleg snøskredfare, men Nordahl trekk også fram Voss, Hardanger, og områda rundt Lyngen og Tromsø i Nord-Norge.

– Basert på dei siste varsla vi har fått ser det ut som om Sunnmøre og Romsdal vil få den sterkaste påverknaden frå dette lågtrykket.

Søndag er det meldt om farenivå 3, som er betydeleg fare for snøskred.

Det betyr at det generelt er ustabile forhold i fjellet. No er det konkret snakk om at vinden og nedbøren vil bygge opp ustabile fokksnøflak, ifølge Nordahl.

Snøskredkart for søndag 7. januar

SØNDAG: Ifølge NVE kjem faren for snøskred til å vere størst på søndag. Oppdatert informasjon finn du på varsom.no.

Foto: skjermdump / varsom.no

Kan endre seg mykje

Sjølv om farenivået er sett opp, betyr ikkje det at skia må bli ståande heime. Likevel meiner Nordahl at ein bør ta nokre forholdsreglar før ein eventuell fjelltur.

– Du bør ha ein viss grad av kunnskap om du skal ut i fjellet, og ta forholda i betraktning når du skal velje tur.

På varsom.no finn du NVE si oversikt over snøskredfaren i heile landet.

– Mitt beste råd er å oppdatere seg så tett opp til fjellturen som du kan. Snøskredvarselet kan endre seg mykje, dersom vêret endrar seg, seier Nordahl.