Betydeleg snøskredfare
Fleire stader i Møre og Romsdal er det betydeleg snøskredfare og fare for naturleg utløyste skred. I Romsdal og på Sunnmøre melder snøskredvarslinga om faregrad 3 – betydeleg. Årsaka er kraftig vind og nedbør. Lokale forskjellar gjer at forholda raskt kan endre seg.