Betydeleg snøskredfare
Det er meldt om betydeleg snøskredfare i Møre og Romsdal fredag og laurdag, det skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) på sine nettsider. NVE melder om krevjande forhold med mykje nedbør, og ber folk unngå bratt terreng i høgda. I låglandet kan det gå enkelte naturleg utløyste våte skred.