Hopp til innhold

Betydeleg snøskredfare

Det er betydeleg snøskredfare i heile Møre og Romsdal denne helga, det melder Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). – Det ligg fokksnø mange stadar over dei svake laga og gravar ned dei, noko som kan føre til at skredstorleiken og konsekvensane av den blir større. Mange stadar har også fått nysnø som har låge urørt dei siste dagane, opplyser NVE.Temperaturauken det siste døgnet er også med på å komplisere situasjonen og aukar sjansen for at eit skred vil losne.