NRK Meny
Normal

Betydeleg snøskredfare

Det meldast om betydeleg snøskredfare fleire stadar i Møre og Romsdal. – Ta omsyn, er oppmodinga frå snøskredvarslinga.

Fjell

Nysnø i fjellet freistar til skiturar, men det kan likevel vere lurt å sjekke snøskredfaren før du legg ut på langtur.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / nrk

– Nedbør i form av snø, kombinert med kraftig vind fører til betydeleg snøskredfare, seier Emma Barfod ved varsom.no.

Verst er det på Sunnmøre.

– I områda rundt Romsdalen kom det mindre snø enn venta og snøskredfaren der vippar difor mellom moderat og betydeleg fare, seier Barfod.

I Trollheimen meldast det om moderat snøskredfare.

Nysnø og kraftig vind

Barfod åtvarar spesielt mot område der det har vore mykje nysnø og kraftig vind.

– Vinden gir ustabile forhold. Unngå leområde der det samlar seg fersk fokksnø, noko som er typisk bak ryggar, i søkk og renneformasjonar, seier ho.

Ifølgje varsom.no kan lokale vindeffektar og skiftande vindretning gje stor variasjon i kor fokksnøen legg seg. Snø som sprekk opp rundt skiene er eit typisk teikn. Dei oppmodar difor turgåarar til å unngå område med fokksnø til den har fått stabilisert seg. Det er størst sannsyn for å løyse ut skred på kul-formasjonar i terrenget og der fokksnøen er mjuk.

Kunnskap er viktig

Barfod meiner det er viktig å vere ekstra varsam under slike situasjonar.

– Ferdsel i skredterreng krev solid kunnskap. Erfaring i ruteval og evne til å identifisere skredproblem er blant den kunnskapen ein bør ha, seier ho.

Generelt anbefaler varsom.no at ein unngår terreng brattare enn 30 grader og at ein held god avstand til utløpsområde.

Barfod oppmodar tur- og skigåarar om å halde seg oppdatert om snøskredfaren på varsom.no.

– Følg med på nettsidene våre for dei ferskaste oppdateringane på snøskredfaren. Det gir deg den nødvendige informasjonen du treng, seier ho.

Skjermdump varsom.no
Foto: Skjermdump varsom.no