– Vil gje dei eldre betre matlyst

Mange som bur på institusjon slit med dårleg matlyst. Kanskje kan eit nærare forhold mellom den som et maten og den som lagar han skjerpe appetitten.

Bjørn Nortun

Bjørn Nortun vil ha opp matlysta hjå dei eldre. Både kjøkenet og kokkane må kome nærare dei som skal ete maten, seier han.

Foto: Kristiansund kommune

Storkjøkenet i Kristiansund leverer mat til sjukeheimane i kommunen. På kjøkenet står det store kokekar i rekke og rad. For på dette kjøkenet lagar dei mat til svært mange.

Kokkar storkjøken

– Kokkane må ut og møte dei som skal ete maten, seier Bjørn Nortun (til høgre).

Foto: Kristiansund kommune

– Her luktar det no lettsalta fårekjøt. Det skal brukast som tilbehør til potetball, for eksempel, fortel leiar ved storkjøkenet Bjørn Nortun.

– Kokkane må ut

Mange eldre slit med dårleg matlyst. Dette er ei utfordring som dei som lagar maten må ta på alvor, meiner Nortun. Han meiner at kokkane ikkje må isolere seg på kjøkenet. Han vil ha dei ut, slik at dei får møte dei som skal ete maten.

– Kokkane må følgje maten heilt ut på avdelingane. Slik kan kokkane og dei som et maten diskutere korleis maten skal tilberedast, anrettast og serverast, seier Nortun.

Matlysta forsvinn

Ein europeisk studie viser at 30% av pasientane ved helseinstitusjonar blir underernærte. Studiar frå Noreg underbyggjer desse tala. Sjukdom og lite aktivitet kan føre til at matlysta forsvinn.

I dei fleste høvehandlar det om å ta vare på farge, lukt og smak på maten. Men det handlar også om å ha selskap i samband med måltida.

– Å vere saman med nokon kan hjelpe på matlysta. Og eg trur vi kan gjere ein forskjell om vi får høve til det, seier Nortun.

– Pendelen svingar

Nortun har arbeidd som institusjonskokk i 30 år. Dermed har han vore med på ei utvikling der kjøkena har blitt stadig større. No svingar pendelen tilbake, og kjøkena på institusjonane blir mindre og desentraliserte igjen.

Vi må ta med oss dei gode sidene ved storproduserande kjøken inn mot det å ha kjøken som ligg nær dei som skal ete maten. Då kan vi få eit endå betre resultat, seier Nortun.