Hopp til innhold

Betre enn dei norske

AaFK-keeper Anders Lindegaard er betre enn alle dei tre norske landslagsmålvaktene.

Anders Lindegaard

Anders Lindegaard er tørst på suksess.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det meiner AaFK-trenar Kjetil Rekdal som seier dansken har imponert i årets sesong.

Lindegaard er ein intelligent spelar som er dyktig til å lese spelet. Han har god rekkevidde og er god med ballen i beina.

Denne våren har det vore mange døme på keepertabbar i norsk eliteserie. Der har også eit par-tre av dei beste norske landslagsmålvaktene vore involverte.

Til helga går det norske landslaget inn i viktige kvalifiseringskampar til VM neste sommar. Med dansken på laget hadde Noreg vore betre stilt enn med Jon Knudsen, Rune A Jarstein og Håkon Opdal, meiner den tidlegare landslagsstjerna som no er trenar for sunnmørsklubben.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal skryt av Lindegaard.

Foto: Arne Flatin / NRK

Rekdal vil ikkje frikjenne Lindegaard 100 prosent i år, og viser til eitt av baklengsmåla i bortekampen mot Odd Grenland der AaFK tapte 4-2 etter å ha ført kampen med 2-0.

Opp til Odense

Lindegaard er utlånt frå Odense til AaFK fram til sommaren. Rekdal håper å få behalde han lenger enn det, men dette er først og fremst opp til den danske klubben å avgjere.

Lindegaard sjøl har ikkje noko i mot å spele i norsk eliteserie. Han er mest opptatt av å få spele førstelagsfotball på eit høgt nivå, og det får han i AaFK, seier han.

Vil spele for United

Den 193 centimeter høge 25-åringen har store ambisjonar. Han håper både å få spele på det danske A-landslaget på sikt, så drøymer han om å følge i spora til ein annan stor danske.

Nemleg å spele for Manchester United i engelsk liga- akkurat som Peter Schmeichel gjorde med stor suksess i mange år.