Hopp til innhold

Betrar brannberedskapen

Den er ikkje så stor å sjå på, men den har mykje å seie for tryggleiken din til sjøs.

Parat III er den nye redningsbåten til Ålesund brannvesen
Foto: Bernt Slyngstad/ Ålesund brannvesen

Idag fekk Ålesund brannvesen ta i bruk sin nye rednignsbåt. Båten er eit spleiselag mellom næringslivet og brannvesenet, og er med på å auke brannberedskapen til sjøs.

Betre egna til redningsoppdrag

Denne båten er ein kjemperessurs for oss, seier brannsjef i Ålesund Brannvesen, Geir Thorsen. Han er svært glad for hjelpa frå næringslivet. - Me har ein redningsbåt frå før, men denne er mykje raskare og betre egna for dei oppdraga me kan komme ut for, seier han. - No kjem me oss raskt ut om det skulle vere noko.

Geir Thorsen
Foto: Tore Ellingseter / NRK

Dårleg beredskap til sjøs

Brannberedskapen langs kysten vår er altfor dårleg meiner brannsjefen. Den nye båten er ein Seabear 23 med vannjet er mykje raskare enn den båten brannvesenet har frå før.

Båten kan brukast til å slukke brann på holmar og skjer, eller ombord i båtar. Parat III har pumpe ombord slik at den og kan pumpe båtar som er lekk. I tillegg gjer den nye båten det lettare for brannvesenet å rykke ut på dykkaroppdrag.

- No får vi betra brannberedskapen til sjøs, og det er noko som kjem befolkninga i Ålesund og kommunane rundt til gode, seier Thorsen.

Spleiselag

Parat III var ein av Fartad Shipping ASA sine gamle båtar, men saman med underlevernadørane J. Weiberg Gulliksen A/S og Maritime Partner A/S har Farstad Shipping ASA og Ålesund Brannvesen satt i stand båten, og no er den så god som ny.

- Me har lang erfaring med tryggleik til sjøs, og me såg at Ålesund kommune mangla eit skikkeleg tilbod på det området, seier teknisk sjef i Farstad Shipping, Arild Egenes.

- Brannvesenet har gjort ein kjempeinnsats, seier han. - Dei har gode fagfolk og utan dei ville dette ikkje blitt ein realitet.