NRK Meny

Betra oppførsel gav mindre straff

Ein mann i 20-åra er dømt for ei rekke lovbrot i Sunnmøre tingrett. Han var blant anna tiltalt for vald mot offentleg tenestemann, truslar og narkotikakriminalitet. Men i dommen står det at valden mot politimannen var bagatellmessig, og at mannen skal har skikka seg i seinare tid. Den betra oppførselen gjer at han blir straffa med 43 timar samfunnsstraff og 45 dagar i fengsel.