Betongbitar trefte parkerte bilar

Volda kommune set i gang tiltak for å fjerne laus betong på fasaden av Ivar Aasen-bygget ved høgskulen i Volda. Dette skjer etter at betongbitar ramla ned og trefte parkerte bilar ved bygget. Inntil vidare er det sett opp sperringar slik at folk ikkje skal parkere eller gå ved fasaden.