NRK Meny

Betalte seg ut av arbeidskonflikt

Volda kommune må betale til saman 461.000 kroner i kompensasjon til ei kvinne som er tilsett i kommunen, det melder Sunnmørsposten. Forliket inneber at kvinna ikkje må jobbe fram til ho blir 62 år, når ho kan gå av med pensjon. Kommunen meinte kvinna hadde gjort seg skuld i fleire kritikkverdige forhold i jobben, men kvinna nekta å godta oppseiinga og saksøkte kommunen.