Hopp til innhold

Bestevenninna trur Maja framleis er i live

Det har vore ei tøff tid for venner og familie etter at Maja Herner (25) vart meldt sakna, men dei gir ikkje opp håpet om at ho lever.

Maja Herner og Paulina Kmiecik

BESTEVENNER: Paulina Kmiecik (til venstre) har kjent Maya Herner (til høgre) i mange år. Før Herner vart meldt sakna 21. november planla dei på sosiale medium korleis dei skulle feire jul saman.

Foto: Privat

– For oss er det vanskeleg å tru at Maja ligg oppe i fjellet, seier Paulina Kmiecik.

Ho er bestevenn med Maja Herner, som vart meldt sakna i Ørsta 21. november.

Den siste sikre observasjonen av Herner vart gjort på ein daglegvarebutikk i bygda klokka 12.35.

Etter klokka 13.00 sende ho melding til fleire kjenningar om at ho hadde tenkt seg ein tur «up to the mountains».

Mistenker ikkje kriminell handling

Politiet har heile tida sagt at dei trur Maja Herner er i fjellet – også etter at dei 25. november melde at ho sannsynlegvis er omkomen, og ønskjer å gjere nye søk i fjellet så fort vêret tillèt det.

Politiet kan ikkje sjå vekk frå at noko kriminelt har skjedd, men har heller ingen haldepunkt for det.

Maja Herner

Maja Herner kom til Ørsta 10. november. Ho skulle jobbe i eit vaskefirma. Meininga var at Herner skulle vende tilbake til Polen før jul, for deretter å reise tilbake til Sunnmøre på nyåret for å jobbe der i seks månader. Herner har tidlegare reist i og jobba i ulike land i Europa.

Foto: Privat

– Vi er heilt sikre på at politiet har gjort sitt beste. Men vi synest det er svært rart at Maja ikkje er funnen dersom ho er i fjellet, seier Paulina Kmiecik og utdjupar:

– Det var hundrevis av frivillige som deltok i leiteaksjonen fram til politiet sa dei gjekk ut frå at ho var omkomen. Det var også godt ver under leiteaksjonen desse dagane.

Kmiecik har også har snakka med erfarne fjellfolk som har vanskeleg for å tru at Maja Herner kan vere i fjellet.

Men politiet har heile tida gått ut frå at Maja Herner har gått i retning av det 1303 meter høge Saudehornet. Signal frå mobiltelefonen til Herner viser også at ho sannsynlegvis har vore eit stykke opp i fjellsida, men det er svært usikker kor høgt ho har vore.

Saudehornet

Det er no tre veker sidan 25 år gamle Maja Herner vart meldt sakna i Ørsta. Det har blitt gjennomført fleire omfattande søk i fjellområdet etter henne, men så langt utan resultat. At snøen no har kome til Ørsta gjer at det er vanskeleg å få til nye søk.

Foto: Åge André Breivik

Glad i naturen

Ifølgje Paulina Kmiecik er det ikkje usannsynleg at Herner kan ha valt å gå ein lang tur, sjølv om ho ikkje starta å gå før klokka 14.30.

– Vêret var bra den dagen, og det kan vel hende at ho spontant har funne ut at ho skal gå seg ein lengre tur, seier Kmiecik.

Ho fortel at Maja Herner likar seg godt i naturen. At venninna valde å flytte til Ørsta for ein periode passa fint med interessa for å gå turar.

Maja Herner skal ha gått frå ein parkeringsplass i Vikegeila og i retning Saudehornet, eit fjell på 1303 meter.

Planla julefeiring

Herner og Kmiecik såg kvarandre sist 10. november på flyplassen då Herner forlèt Polen. Sidan hadde dei kontakt via sosiale medium både tidleg og seint.

– Vi planla mellom anna korleis vi skulle feire jul. Derfor er saknet etter Maja ekstra tungt no, seier Kmiecik.

Og legg til at situasjonen er frykteleg tung for både henne og familien til Maja. Det tyngste er ventinga og mangelen på nyheiter frå Sunnmøre.

– Men vi har ikkje gitt opp å finne Maja i live, understrekar Kmiecik.

Paulina Kmiecik og Maja Herner

Spesielt dei tre siste åra har Herner og Kmiecik hatt tett kontakt. Då Herner ein periode jobba som servitør var også Kmiecik arbeidsleiaren hennar. Dei har også budd saman.

Foto: Privat

Sjå tidslinja for saka her:

Mysteriet Maja Herner

  • 21. november etter kl. 13.00
    Sender meldingar

    Maja Herner sender meldingar til fleire kjenningar om at ho har tenkt seg ein tur «up to the mountains».

  • 21. november 2018 ca. kl. 12.35
    På butikken

    Maja Herner blir observert på ein daglegvarebutikk i Ørsta. Ho kjøper vanlege varer som ho sannsynlegvis tek med seg til bustaden sin i Ørsta.

  • 21. november ca. kl. 14.30
    Starta turen

    Maja Herner skal ha starta på turen sin. Ho parkerer bilen sin ved ein populær turveg i Vikegeila i Ørsta. Frå denne vegen kan ein kome seg til det 1303 meter høge Saudehornet.

  • 21. november kl. 18.30
    Leiteaksjon

    Det blir sett i gang ein leiteaksjon etter Maja Herner. Røde Kors og ein luftambulanse deltek.

  • 21. november kl. 21.30
    Utvidar leiteaksjonen

    Leiteaksjonen blir utvida, mellom anna med redningshelikopter frå Florø.

  • 22. november
    Leitinga held fram

    Mange frivillige har meldt seg og deltek i søket. Politiet opplyser kl. 13.30 at dei ikkje har nokon spor og at dei gjerne vil ha tips i saka.

  • 23. november
    Endå fleire deltek

    Også elevar frå folkehøgskulen i bygda deltek no i søket, saman med fleire hundre andre frivillige. Det blir mellom anna leita i hagar i Ørsta ikkje langt frå der Maja Herner skal ha starta turen sin.

  • 24. november, om ettermiddagen
    Sperra av området

    Politiet sperra av eit området der det skal ha blitt funne interessante gjenstandar. Men politiet seier at funna ikkje treng om å ha noko med den sakna kvinna å gjere.

  • 25. november ca. kl. 14.00
    Tek bilete frå helikopter

    Eit politihelikopter frå Oslo bidreg med å ta foto av fjellområdet.

  • 25. november, ca. 17.30
    Avsluttar aksjonen

    Politiet melder at redningsaksjonen er avslutta. Dei trur ikkje lenger det er håp om å finne Maja Herner i live.

  • 26. november
    Går gjennom bileta

    Politiet opplyser at det er tatt om lag 2800 bilete frå fjellområdet som dei skal gå gjennom.

  • 28. november
    Leitar igjen

    Politiet opplyser at leitinga i fjellområdet held fram. Mellom anna bidreg hundar i søka.

  • 29. november
    Drone

    Det blir sett i gang søk med drone. Om ettermiddagen opplyser politiet at dronesøka ikkje gav resultat.

  • 3. desember
    Open for alle teoriar

    Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad seier til NRK at dei må halde alle teoriar opne, sjølv om dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart. Same dag kjem det fram at vennar av Maja Herner har starta ein innsamlingsaksjon for å sende polske privatetterforskarar til Ørsta.

  • 5. desember
    Rykte og spekulasjonar

    Ørsta-ordførar Stein Aam stadfestar at det går mange rykte i bygda om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. – Saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar, seier Aam til NRK.

  • 6. desember
    Usikkert kor høgt i fjellet

    Inger Myklebust Ferstad opplyser til NRK at dei ikkje kan seie nøyaktig kor høgt i fjellet Maja Herner kan ha vore. – Dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

  • 12. desember
    Veret hindrar nye søk

    Politiet ønskjer å gjere nye søk i fjellområdet, men dårleg ver hindrar nye søk. Det er kaldt i Ørsta og mykje snø i fjellet.

  • 28. desember
    Polsk detektivbyrå

    NRK skriv at eit polsk detektivbyrå har lansert andre teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. Detektivbyrået samarbeider ikkje med politiet i Norge.

  • Nyttårshelga 2019
    Nytt søk

    Etter tips frå publikum om observasjon av ramn gjer politiet eit nytt søk 300-400 meter over havet. Søket blir utan resultat.

  • 8. januar
    Ber om observasjonar

    Politiet ber publikum melde inn observasjon av ørn og ramn nær bakken i det aktuelle fjellområdet i Ørsta.

  • 10. januar
    Nye søk

    To spesialtrena hundreekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt gjorde søk i terrenget. Dei gjorde ingen funn av interesse.

  • 21. januar
    Redde for å gå tur

    Fleire sentrale personar i Ørsta-samfunnet seier at turgåinga i området der Maja Herner skal ha forsvunne har gått drastisk ned dei to siste månadane. Mange er redde grunna den uavklara situasjonen.

  • 18. februar
    Stillstand

    Politiet opplyser at det ikkje er gjennomført nye søk i terrenget sidan 10. januar.

  • 24. mai
    Har lagt planen

    Politiet melder at dei har blinka ut konkrete stader dei skal leite etter Maja Herner i sommar. – Det er seks til sju stader vi er nøydde til å få undersøkt i løpet av sommaren. Vi er avhengige av hjelp fra alpine redningsgrupper og vi må vente til snøen har forsvunne. Dette er stader som er vanskelege å kome seg til og vi har ikkje vore er tidlegere, seier politiinspektør Yngve Skovly.

  • 16. juli
    Ventar framleis

    Mykje snø seint på året har gjort at leitingsarbeidet etter Maja Herner framleis står på vent. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.

  • 15. august
    Starta søk med drone

    Politiet starta å søke i fjellet med drone. Det er utfordrane arbeid, og ein er avhengig av godt ver for å få noko ut av bilda.

  • 22. september
    Nye helikoptersøk

    Politiet gjennomførte nye helikoptersøk i området rundt Saudehornet i Ørsta. Samtidig tok dei bilde av område dei ønska å sjå nærare på.

  • 26.september
    Får hjelp av Kripos

    Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei får hjelp av Kripos. Cold Case-gruppa skal no sjå gjennom alt etterforskingsmaterialet for å sjå om det er fleire etterforskingsskritt som bør bli gjennomført. 

  • 21. november 2019
    Sakna i eitt år

    Maja Herner har vore sakna i eitt år.

  • 22. november
    Nytt søk

    Røde Kors gjennomfører nye søk etter Maja Herner i Ørsta. Nye tips om mykje ramneaktivitet i eit område, der det har vore leita lite før, gjer at det blir sett i gang nye søk.