NRK Meny
Normal

Besteforeldra hevdar Helsetilsynet dekkjer over faktum etter Daniels (2) død

Besteforeldra til den to år gamle moldeguten som døydde under ein operasjon ved Molde sjukehus, rettar skarp kritikk mot Helsetilsynet.

Molde sjukehus

Besteforeldra rettar skarp kritikk mot Helsetilsynet etter at barnebarnet deira døydde som følgje av ein operasjon ved Molde sjukehus i 2009.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

I eit lesarinnlegg i Tidens Krav skriv besteforeldra til Daniel Flemmen, Karin Øieplass Flemmen og Gunnar Flemmen, at utkastet til rapporten som Helsetilsynet nyleg leverte må vere "eit diktat frå anestesiavdelinga og leiarane ved Molde sjukehus."

I rapporten kjem det fram kritikk mot sjukehuset, men tilsynet vil ikkje ta stilling til påstandar frå fleire tilsette om press frå sjefane før politiavhøyra starta.

Dette har fått fleire ekspertar og politikarar til å reagere, og no også besteforeldra.

- Kva slags rettstryggleik har pasientane og dei pårørande ved skadar og feil ved sjukehus, også med død til følgje, skriv besteforeldra.

Les også:

Hevdar rapporten er ein dekkoperasjon

I lesarinnlegget, som har overskrifta "Vår kjære Daniel døde etter en operasjon ved Molde sykehus" skriv besteforeldra at rapporten er full av feil og motseiingar. Dei hevdar også at Helsetilsynet har tatt med berre det som passar frå avhøyra, og at rapporten berre er det dei kallar ein ny dekkoperasjon.

Dei skriv vidare: «ledere ved sykehusene og helsemyndighetene er opptatt av å skape et glansbilde ved sykehusene på bekostning av pasientene».

Les også:

Hevdar sjukehuset hadde samordningsmøte

Dei siste dagane har fleire ekspertar kome med skarp kritikk mot tilsynet. Kritikarane har meint at det er viktig at Helsetilsynet tek stilling til påstandane om at legane skal ha samordna forklaringane sine.

I lesarinnlegget i Tidens Krav hevdar også besteforeldra at det var fleire samordningsmøte i forkant av politiavhøyra.

– Her blei alle diktert kva dei skulle seie, skriv Karin Øieplass Flemmen og Gunnar Flemmen.

Ber Bent Høie om hjelp

Avslutningsvis ber dei statsråd Bent Høie kome på banen. I 2011 var dei i kontakt med han, som leiar i helse- og omsorgskomiteen, for å få oppnemnt ein kommisjon for å etterforske pasientskadar ved sjukehus.

No ber dei på nytt om hjelp.

Det har ikkje lukkast NRK Møre og Romsdal å kome i kontakt med besteforeldra måndag kveld.