Hopp til innhold

Bestefar sin gamle kunnskap har blitt ein lønsam sommarjobb

Studentar skal hauste over to tonn bjørkenever frå skogen i sommar. Slik reddar dei ein gamal norsk byggetradisjon frå å døy ut.

Neverflekking

HAUSTAR I SKOGEN: Åsmund elskar å flekke never av bjørka. Ei sjeldan ferdigheit han har lært frå bestefaren, og som få kan i dag.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I gamle tider var det heilt vanleg bruke bjørkenever til å bygge hustak. Never er den ytste delen av barken, eit vasstett materiale som ikkje rotnar.

Eit slikt tak kan godt vare i hundre år, meir enn tre gonger så lenge som eit vanleg tak.

No er det ikkje mange som legg slike tak. Endå færre er dei som framleis kan kunsten å hauste nevra, men to nordmøringar er i ferd med å endre dette.

Sommarjobb i skogen

– Det er veldig viktig å ikkje kome gjennom basten. Då kjem kniven inn til stammen, og det skadar treet, seier Endre Aasen mens han skjer kniven nedover langs bjørka.

Endre Aasen skjer i bjørka.

Neverflekkarane tar berre om lag tre flak per tre for å ikkje tyngje treet for mykje, fortel Endre Aasen frå Kristiansund. Då kan dei hauste på nytt om 10-15-år.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Deretter får han grep om kanten, og røsker ut eit flak rundt omkretsen til treet. Det krevst teknikk for å ut dei gode stykka.

– Det er tilfredsstillande å sprette open ei bjørk og verkeleg kjenne at ho vil å gje slepp på nevra, seier kameraten Åsmund Godal Tunheim.

Denne sommaren er bestillinga på rekordstore 2,35 tonn. Maihaugen, Norsk Folkemuseum, Telemark museum og Sunnmøre museum som står på kundelista.

Bilder nevergutta i Heim

Nevra går for 130 kroner kiloen. – Vi tener godt, vi får til smør på brødskiva, seier Åsmund Godal Tunheim.

– Vi har spor av neverbruk i Noreg tilbake til 1200-talet. No er det nesten berre vi som held på, det er veldig artig å få bere den tradisjonen vidare, seier Endre Aasen.

Bilder nevergutta i Heim

Anna Lagaard prøver neverflekking for første gang. – Det er ein kunst dette dei driv på med, så eg må få det inn i fingrane.

Bilder nevergutta i Heim

Vennar kjem frå heile landet for å lære og hjelpe Åsmund og Endre med arbeidet. – Det er ein sommarjobb som er greitt betalt og lèt deg vere ute og kople av på ein skikkeleg måte, seier Sølve Stoknes.

Bilder nevergutta i Heim

Loss, roper Endre høgt. Då samlar alle samen nevrene dei har flekka og ber det bort til bilen. – Vi har mista nevra nedi elva før, då er det nokre tusenlappar som flyt nedi der.

Bilder nevergutta i Heim

Det er veldig viktig å legge nevra i press etter kort tid, slik at den ikkje får lov til å krølle seg. Arbeidet etter haustinga er essensielt for at materialet blir brukbart.

Bilder nevergutta i Heim

Her ligg neverlagret heime på garden til Åsmund sin familie på Valsøya i Heim.

Bilder nevergutta i Heim

Til slutt blir det lagt som tak og held huset tett. Er det lagt godt, kan det halde i hundre år.

Bilder nevergutta i Heim

Det blir også mykje moro på skogen. Her held gutane på med daling, altså å klatre opp i eit tre og dale ned.

Arven frå bestefar

Det er Jon Godal som er læremeister, bestefaren til Åsmund. Heilt sidan han var barn har Åsmund vore med ut i skogen og tatt til seg masse kunnskap.

– Eg er veldig glad for at eg har fått høve til å lære ting som det her som sit så godt røta fast i kulturen, seier Åsmund.

Jon Godal er ein av dei fremste ekspertane på tradisjonell handverkskunst i landet. Han gler seg over entusiasmen til dei unge karane.

Bilder nevergutta i Heim

Jon Godal er forfattar og formidlar av gammal handtverktradisjon, særleg bygging av trebåtar og hus. Få, om nokon, kan meir om never enn han.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Dette er ting som av ein eller annan grunn ikkje har blitt dokumentert veldig nøye. Derfor er det viktig at det kjem i hendene på nokon, slik at det ikkje døyr bort, seier Jon Godal.

Han meiner byggeindustrien er blitt svært lite berekraftig, men at never faktisk er framtidsretta og noko fleire bør bygge med.

– Det pustar, er varig, biologisk og fornybart. Det er slike ting vi må bygge på for å få ei stabil framtid her på jorda, seier han.

Flest «moderne» tak på folkemuseet

Nye takmateriale kom til og tok over. Sjølv hos Norsk Folkemuseum har berre 25 av 78 torvtak never under. Før 1993 var det truleg ingen.

– Tettemetoden var i ferd med å forsvinne heilt, men kunnskapen kom tilbake. Vi prøver å dekke minst eit tak i året, seier Stian Myren, leiar for byggeantikvarisk avdeling på museet.

Setesdalsbygg på Norsk folkemuseum

Norsk folkemuseum har 78 hus med torvtak å halde ved like, men berre 25 av dei har never under, slik dei eigentleg var tenkt.

Neverlegging på Norsk folkemuseum

Her er dei i full gang med å erstatte neverkanten på ei stove frå Uvdal i Numedal.

Neverlegging på Norsk folkemuseum

Nevra til Åsmund og Endre er brukt i dette arbeidet.

Det er krevjande å ta vare på dei 4000 kvadratmetra med torvtaka på museet. Dei vil ta vare på tradisjonen, men må skaffe erfaring med never over tid.

Myhren skryt av leveransane dei får frå Nordmøre.

– Det er prima kvalitet. Det er veldig stas det dei gjer rett og slett, vi er heilt avhengige av at det er nokon som tilbyr, seier Myhren.

Bilder nevergutta i Heim

På garden Åsmund vaks opp på Valsøya står eit bryggehus som neverkarane har lagt tak på sjølv.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

La tak sjølv på bryggehus

Heime på garden i Valsøyfjorden står bestefar Godal med Åsmund og Endre ved eit bryggehus og inspiserer taket. Det har studentane lagt sjølv, med never og skiferstein oppå.

– Det er bra sortering, bra legging, og eit godt stykke arbeid, seier Jon Godal.

– Har du stor tru på gutane, at dei tar vare på denne tradisjonen?

– Ja viss eg ikkje gjorde det, var eg eit merkeleg menneske, seier han og ler.

Bilder nevergutta i Heim

Eksperten Jon Godal går god for taktekkinga til dei unge studentane.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK