Hopp til innhold

Liv (85) og Einar (89) pumpar jern fleire gongar i veka

Dei blir omtala som "bestemor" og "bestefar" av personalet og medlemmane på sitt faste treningssenter. Kallenamna er positivt meint, for sjølv om dei ikkje er så unge lenger, pumpar Liv og Einar vekter høvesvis to og tre gongar i veka.

Liv Vatne og Einar Aakvik

Liv Vatne (85) og Einar Aakvik (89) er høvesvis to og tre gongar i veka på treningssenter. Gevinsten er i følgje begge betre helse og ein betre kvardag.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Stamina Hot Moa / NRK/Montasje

Medan somme gysar av tanken på å måtte trasse vinterkulda for å komme seg på trening, skal det svært mykje til for at Einar Aakvik (89) og Liv Vatne (85) droppar å ta turen innom sitt faste treningssenter.

Sjølv om begge er godt forbi gjennomsnittleg pensjonsalder, og slit med dårlege bein og svake ledd, har ikkje dette hatt noko å seie for treningsiveren.

– Alder er berre eit tal, seier Liv når NRK Møre og Romsdal møter ho under ei trening på treningssenteret Stamina Hot på Moa utanfor Ålesund.

Liv Vatne

Liv Vatne (85) byrja å trene fast for mange år sidan, og trenar no to gongar i veka.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Liv fortel at ho byrja å trene for mange år sidan. Ho slit med gikt, og i staden for individuell fysikalsk behandling blei ho oppfordra til å byrje å trene av fastlegen hennar.

– Eg har ikkje sett meg tilbake sidan, seier Liv med eit smil.

Liv trente tidlegare tre gongar i veka, men har måtte trappa ned til to. Alderen gjer sitt den òg, forklarar ho.

– Det har jo eigentleg blitt ein livsstil for meg dette. Eg bur åleine, og kunne nok lett blitt sitjande og stirre i taket. Men det at eg kjem meg utanfor døra, kler på meg treningskleda og går på trening er viktig. Samstundes får eg møte så mykje kjekke folk, seier Liv.

– Hald kroppen ved like!

Den tidlegare byggentrepenøren Einar Aakvik er på si side nettopp ferdig med treninga, og legg turen heimover. Turen er av det kortare slaget, for han bur i same bygget, berre fem etasjar opp. Berre? Vel, om ein tek det at han går trappene opp og ned desse etasjane kvar gong han skal nokon plass i betraktning, så er det nok ikkje "berre berre".

– Det at eg går mykje, og spesielt i trapper, har vore heilt avgjerande for at eg i dag ikkje sit i rullestol. Eg oppmodar fleire pensjonistar til å tenkje som meg. Hald kroppen ved like, ikkje la han forfalle, seier Einar.

(Saka held fram under biletet).

Einar Aakvik

Einar Aakvik (89) var ferdig med dagens økt då NRK traff han, men frå inngangsdøra si i femte etasje er det ikkje lange vegen bort til heisen som han tek ned til første etasje, der treningssenteret han nyttar ligg. Men tru ikkje at Einar tek heisen: - Eg tek heller trappene, eg!

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

For få dagar sidan fylte Einar 89 år. Han er svært godt likt av dei andre på treningssenteret, og hendinga blei markert med ein status på treningssenteret si Facebook-side, som fekk svært mange "liker".

– Eg anar ikkje kva Facebook er for noko, men eg har registrert at mange likte at eg hadde bursdag. Det er jo kjekt, då, seier Einar Aakvik muntert.

– Alle likar han svært godt, og i tillegg til "bestefar" går han under kallenamnet "The grand old man" her på senteret. Det set han stor pris på, seier treningssenterleiar Geir Barmsnes.

– Ikkje unikt

Leiaren ved Stamina Hot sitt treningssenter på Moa i Ålesund, Geir Barmsnes, fortel om ei stor auke av pensjonistar blant medlemmane ved senteret. Difor er det ikkje Liv Vatne og Einar Aakvik, trass i sin høge alder, unike.

– Nei, dei er faktisk ikkje unike i denne samanhengen, og det er i grunnen svært positivt. Vi har mange medlemmar i alderen mellom 80 og 91 år, og fleire blir det nok, seier Geir Barmsnes.

Faktisk så er 118 av dei totalt 2.500 medlemmane tilknytt treningssenteret på Moa i Ålesund over den gjennomsnittlege pensjonsalderen på 65 år. Av desse er damene 72 år i snitt medan mennene er 70 år i snitt. Dette talet veks stadig.

(Saka held fram under biletet).

Liv Vatne og Geir Barmsnes

Det blir mykje latter og glede når Liv Vatne er på trening. Treningssenter-leiar Geir Barmsnes er ofte i prat med Liv, og likar svært godt det gode humøret og pågangsmotet hennar.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Ikkje berre unge, "kule" som kan trene

I NRK Dagsnytt i dag tidleg kom det fram at helsegevinsten av å trene er stor, sjølv om du ventar med å byrje å trene til du blir gammal. Det kjem fram i ei undersøking gjort av forskingstidsskriftet British Journal og Sports Medicine.

Undersøkinga viser at hard fysisk aktivitet minst éin gong i veka gir sju gongar så stor sjanse for god helse i alderdommen.

Mykje av grunnen bak det store talet på medlemmar over pensjonsalder ved treningssenteret i Ålesund er at ein kvar veke tilbyr fire gruppetimar, skreddarsydde for dei over 65 år.

Treningssenterleiar Geir Barmsnes meiner han har forklaringa på kvifor så mange har inntatt treningssentra.

– Det er nok mykje fordi trening er populært for tida, det har jo mellom anna dykk i media fortalt oss. Mange eldre ser nok også no at det ikkje berre er dei unge, "kule" og moteriktige som kan ta turen til treningssenteret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL