NRK Meny
Normal

Bestefar ankar overgrepsdom

Mannen i 60-åra som vart dømt til fengsel i 5 1/2 år etter å ha forgripe seg mot barnebarnet sitt, ankar saka. Han held fast på at han er uskuldig.

Norges lover

Mannen meiner han er uskuldig og ankar overgrepsdommen.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Bestefaren vart dømd til fengsel i Søre Sunnmøre tingrett og til å betale erstatning på fire millionar kroner til jenta. Fengselsstraffa var på eit halvt år lengre enn aktor kravde. I dommen står det at retten trur på jenta og ser heilt bort frå forklaringa til mannen.

Mannen sin forsvarar, Ivar Blikra, seier at mannen er skuffa over dommen.

– Han tar dommen svært tungt. Han hevdar at han er uskuldig. Tingretten har festa lit til det jenta sa, men har ikkje høyrt på noko av det han har sagt, seier Blikra.

Ankar alle tiltalepostar

Mannen ankar skuldspørsmålet for alle tiltalepostane inn for Frostating lagmannsrett. Mannen ankar også spørsmålet om erstatning.

Jenta sin bistandsadvokat, Tone Monclair, sa til NRK måndag at ho håpte at det ikkje vart ankesak.

Det har ikkje lukkast NRK å få tak i Monclair.

Tiltale tatt ut av riksadvokaten

Det var riksadvokaten som tok ut deler av tiltalen. Det gjeld den mest alvorlege delen av tiltalen, punktet om at mannen i 60-åra skal ha utført fleire grove seksuelle overgrep mot barnebarnet sitt då ho var berre sju år gamal.

Dette skal ha skjedd i tida rundt 2004.

Statsadvokaten har i tillegg tatt ut tiltale på to punkt: seksuelle overgrep i 2007 og 2011. For bestefaren skal ha forgripe seg på nytt mot jenta då ho var blitt ti år gamal, og også då ho var 14 år gamal. Dette skal ha skjedd i samband med overnattingsbesøk hos bestefaren.