Beste prisen på ti år
Frå desember 2016 til desember 2017 steig prisane på sagtømmer av gran med 12,7 prosent. Etter jamn prisoppgang heile fjoråret og eit ekstra byks på nyåret i 2018 kunne skogeigarar få over 500 kroner per kubikkmeter for sagtømmer av gran. Ikkje sidan 2008 har prisane vore så høge.