Hopp til innhold

Besøkstala tok heilt av etter dette bildet

Dei brukar ikkje ei krone på marknadsføring. Likevel har dei fleire gjestar enn nokon gong.

Huske på Trandal

ENORM INTERESSE: Besøkstala til denne dissa har eksplodert etter at fotograf Michaela Potterbaum la ut dette bildet på Instagram.

Foto: Michaela Potterbaum

– Det har vore heilt enormt med besøkande, seier Lenita Storeide, ein av drivarane på Christian gaard, som eig dissa.

Ho estimerer at dei har er om lag 100 til 150 besøkande kvar dag. Mange av desse har fått med seg dei spektakulære bilda av ei snart verdskjend disse.

– Det er fleire og fleire nordmenn som kjem, spesielt etter vi var med på TV-programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», seier Storeide.

Besøkande frå fjern og nær

Elles får dei besøkande frå Sveits, Tyskland, Nederland, Frankrike, USA, Australia og India.

– Vi er jo veldig nysgjerrige da, så vi spør alltid kvar dei er frå, og mange av desse seier dei har sett bilde av dissa på sosiale medium, seier ho.

Christian Gaard i Trandal

CHRISTIAN GAARD: Som er gjestegiveriet familien storeide driv.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Trandal ligg mellom storslåtte fjell i Hjørundfjorden. For å komme deg til den veglause bygda, må du ta båt, eller komme over fjellet. Dette trur Storeide er med å gjere staden enda meir spesiell.

– Eg trur det er på grunn av at vi er ei lita bygd som ligg inn i ein fjord, heilt utan for allfarveg. Det er noko eksklusivt ved det, det krev litt innsats for å komme seg hit, seier ho.

Fekk uventa julegåve

Den populære dissa har hengt i det eldgamle treet i generasjonar.

– Huska vart hengt opp av min bestefar i hans ungdom, og det er vel 50 år sidan. Så det er klart den treng vedlikehald, seier Storeide.

No skiftar dei tauet til huska kvar sesong. Til jul i fjor fekk dei ei uventa pakke i posten.

Christian Gaard fekk ei uventa julegåve

GÅVE: Garden fekk ei uventa julegåve frå The Oak and Rope Company.

Foto: Lenita Storeide / privat

– Eit firma frå Storbritannia, The Oak and Rope Company, som hadde vore her på firmatur, sende oss ei julegåve. Dei hadde laga ei ny huske, der dei hadde gravert inn namnet på garden, Christian Gaard. Det var ei veldig fin overrasking, seier ho.

Trass i den enorme auken i besøkande, vil ikkje trandalingane ta betalt for at folk brukar dissa.

– Det føler vi ikkje at vi kan gjere. Vi brukar å spøke om at det er autopass på dissa, seier ho lattermildt.

Gratis marknadsføring

Marknadsføring treng ikkje den familiedrivne garden å tenke på.

– Vi har ein nettstad, men der er vi dårlege til å oppdatere, elles har vi rett og slett ikkje tid. Det går i eitt heile tida, og vi har ikkje behov for fleire besøkande slik det er no.

På Christian Gaard har dei eit gjestegiveri og på grunn av den store auken med turistar til Trandal, har dei behov for fleire hender.

– Vi skulle gjerne ha tilsett to til på årsbasis, og så treng vi også ein del folk til sommaren, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL