NRK Meny

Besøkstal til topps

8000 personar deltok på Norsk Fjellfestival på Åndalsnes, som vart avslutta søndag.

Artikkelen er flere år gammel.

Dette er 3000 fleire enn i fjor.

Festivalsjef Stein P. Aasheim meiner dette er eit tydeleg bevis på at det ikkje er nødvendig med meir tilrettelegging av naturen for å motivere folk til å kome seg til fjells.

Den sjuande fjellfestivalen i historia vart altså ein stor suksess. Friluftsinteresserte frå heile landet valfarta til Romsdalsfjella sist veke, noko som altså førte til ny rekord med 8000 deltakarar.

Og Aasheim er ikkje i tvil om at dette viser at folk vil gå i fjellet, sjølv om det ikkje er cafe på toppen og saftstasjonar undervegs.

Siste video/lyd

Aalesund
4.-divisjonslaget Volda låg under med to mål mot Molde, men scora både 1-2 og 2-2. Sander Svendsen redda Molde mot slutten av kampen.
Kristiansund vann komfortabelt 3-0 borte mot Brattvåg i første runde av cupen.