Hopp til innhold

Besøksrestriksjonar ved Kristiansund sjukehus

Det vil framleis vere restriksjonar ved besøk til den medisinske sengeposten ved Kristiansund sjukehus. Dette på grunn av fleire covid-pasientar.

No må alle besøk avtalast med sengeposten på førehand.

– Sjukehuset er svært pressa med stort overbelegg og framleis oppsving av covid-smitte hos pasientar som blir lagt inn. Vi anbefaler pårørande å vurdere behovet nøye, og vi ønskjer så korte besøk som mogleg, seier assisterande klinikksjef Carina Wollan Myhre ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Myhre legg til at dei berre kan ta imot to pårørande i gongen til ein inneliggande pasient.

Dei siste vekene har sengeposten hatt besøksforbod.

Kristiansund sjukehus
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL