NRK Meny
Normal

Besøksrekord for Epos

Den nedleggingstruga bokbåten Epos, kan truleg skilte med ny besøksrekord etter årets runde langs mørekysten.

Epos

(arkiv)

Sidan 1. februar har båten besøkt omlag 70 stader i fylket, og er turen i Møre og Romsdal ferdig for denne gong.

Katrine Solberg ved Møre og Romsdal Fylkesbibliotek er godt fornøgd med besøket. Ho har enno ikkje dei endelege tala, men seier besøket har vore jamnt stigande.

Får feire 50 år

Det er fylkeskommunen i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland som spleisar på kostnadene med Bokbåten. Det spøkte ei stund for drifta, då Sogn og Fjordane i fjor ikkje fann pengar på sine budsjett.

No har fylkeskommunen der funne pengar for tre nye år, og Solberg har tru på at dei klarer å berge drifta i dei tre fylka iallefall så lenge at Bokbåten får feire 50 år i 2014.

Viktig tilbod

Bokbåten Epos

(arkiv)

Foto: Bokbåten

- Dette er eit svært viktig tilbod for små bygder. Dei fleste tilboda der er allereie lagt ned, og om dei endå har ein skule, så er skulebiblioteket ofte dårleg. Då er det stor stas at dei kan låne bok-kasser på båten, seier Solberg.

No tek Epos vinterferie, men blir å finne i Sogn og Fjordane i veka etter. Til Møre og Romsdal kjem den att i september.