Hopp til innhold

No kan du besøke mirakelhuset i Ålesund

Då Ålesund brann stod Waldehuset att. Historia seier at han som budde i huset fekk besøk av ein engel dagen før. Laurdag opna mirakelhuset dørene for folket.

Då Ålesund brann stod Waldehuset att. Historia seier at han som budde i huset fekk besøk av ein engel dagen før. I dag opna mirakelhuset dørene for folket.

Waldehuset vart spart for flammane under bybrannen i 1904. Huset vert kalla mirakelhuset og mange turistar valfartar hit for å sjå det med eigne auger. Laurdag opna huset for publikum.

Åpning av Waldehuset

Systrene Gunvor Walde og Reidun Walde Langva har gode barndomsminner frå huset. Sjølv hadde dei ingen opplevingar med englar.

Åpning av Waldehuset

Huset skal etter planen vere ope to gongar i veka. Det er laga til for kafedrift.

Foto: Øyvind Johan Heggstad
Åpning av Waldehuset

Pastor Vidar Godø har drøymt om å overta huset dei siste 20 åra. Han er fascinert over historia til huset.

Foto: Øyvind Johan Heggstad
Åpning av Waldehuset

Mange frå Ålesund var spente på korleis huset såg ut inni.

Foto: Øyvind Johan Heggstad
Åpning av Waldehuset

Det var ordførar Bjørn Tømmerdal som stod for den offisielle opninga av huset.

Foto: Øyvind Johan Heggstad
Waldehuset

Før pinsekyrkja overtok huset, stod det til forfalls.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

23. januar 1904 stod heile Ålesund i brann. Waldehuset låg midt i eit stort område med trehus, men var det einaste som kom uskadd frå flammane.

Dagen før bybrannen fekk leigebuar Anders Nord eit syn. Ein lysande engel skal ha sagt at at byen skulle leggast i oske, men at han og kona skulle halde seg i ro innandørs og ikkje bere med seg eigedelar ut. Natta etter braut det ut brann som spreidde seg i alle retningar fordi det bles orkan. Nord nekta å forlate huset, som vart ståande uskadd. Sidan den tid har det vorte kalla mirakelhuset.

I dårleg stand

Turistar har i årevis valfarta til den falleferdige eigedomen og blitt skuffa fordi huset har vore så falleferdig. Etter at pinsekyrkja overtok huset for to år sidan, har dei gjort eit omfattande restaureringsarbeid. I dag var det høgtideleg opning av huset.

– Vi har gått over kvar ei fjøl og kvar ein spikar i heile huset og gjenskapt huset slik det var, fortel pastor Vidar Godø.

LES OGSÅ:

Ope for folket

Draumen om å overta mirakelhuset har ligge der dei siste 20 åra hos pastoren. Då han fekk høyre den sterke historia om mirakelhuset, vart ideen tent.

No vil han at den oppveksande slekt skal få bli kjent med historia, og det gjer ein best med å vere i huset og sjå kvar det skjedde, meiner han.

– Det gleder meg at folk vert så rørt av forteljinga, seier Godø. Planen er at huset skal vere ope for publikum to gongar i veka. Dei vil også leige ut lokalet til selskap.

Kjenner seg ikkje att

Huset vart høgtideleg opna av ordførar Bjørn Tømmerdal som brente ei snor, framfor inngangsdøra. To av dei som var svært spent på opninga, var systrene Gunvor Walde og Reidun Walde Langva. Dei er oppvaksne i huset og har gode minner her ifrå.

– Det er framand å sjå huset i dag, men dei har gjort eit storarta arbeid, skryt Gunvor Walde. Ho syntest det var trist å sjå korleis huset forfelt.

Såg ingen engel

Veslesyster Reidun Walde Langva hugsar godt at dei hadde toalett i bakgarden og måtte ha med stearinlys dit. Det var bestefaren deira som eigde huset då Ålesund brann, men dei har aldri prata med han om den dramatiske brannatta.

– Eg trur på historia. Eg hadde senga mi på same stad som Anders Nord seng, men eg såg aldri noko engel, fortel Reidun. Det gjorde heller ikkje Gunvor.

Laurdag 21. juni vart Waldehuset offisielt opna for publikum, etter at pinsekyrkja tok over mirakelhuset

  • Waldehuset var med i Linda Eide sitt program Norske attraksjonar. Sjå innslaget her:
    Det einaste huset som stod att etter bybrannen i Ålesund vart presentert som Norsk Attraksjon på NRK1 i helga. Det er ingen som tar tak i forfallet.