Hopp til innhold

Besøk bak murane

Røde Kors utdannar fleire visitorar som skal besøke innsette i fengsel.

Ålesund fengsel
Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Neste veke blir fire nye visitorer klare i Ålesund. Ved Hustad fengsel er det sju visitorar og i Ålesund blir det åtte etter at fire no fullfører visitorkurs.

Støtte

Ålesund fengsel

Fengselsleiar i Ålesund fengsel, Roar Brunstad.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Ein Røde Kors visitor skal vere til støtte for insette i fengsel som treng nokon å snakke med. Fengselsleiar i Ålesund fengsel, Roar

Brunstad, meiner visitorane er viktige for de innsette.

- Det er med på å lette kvardagen deira og det lettar trykket frå omgjevnadane. Det er ikkje alltid like kjekt å hamne bak murane.

Brunstad seier dei insette set pris på besøka utanfrå.

- Det er berre positive tilbakemeldingar. Visitorane er blitt så profesjonelle at dei klarer å halde ei nøytral bane og ikkje diskuterer kvifor folk sitt inne.

Han meiner tenesta er med på å førebu dei som sit inne for livet på utsida.

- Det er viktig å ha ein normal samtale som ikkje dreier seg om kriminalitet og rus, den samtalen får dei ikkje med visitortenesta. Det er dei kvadagslege tinga som gjeld.

Eit medmenneske

Ottar Haagensen

Nyutdanna visitor Ottar Haagensen.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Ottar Haagensen er ein av dei nyutdanna visitorane i Ålesund.

Han ser fram til å kunne hjelpe.

- Vi skal vere eit medmenneske. Vi skal bringe kvardagen inn til dei insette og fortelje det som foregår på utsida i heilt vanlege ordelag.

Kursing

Visitortenesta er ikkje så kjent som til dømes hjelpekorpsa i Røde Kors, og for å bli visitor må ein gjennom eit omfattande kurs som omhandlar mellom anna straff, dom, soningsforhold, menneskeverd og etikk.

Inger Amdam Eckholm

Inger Amdam Eckholm.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Tilretteleggar i Møre og Romsdal Røde Kors, Inger Amdam Eckholm, fortel at vistorane har høg status.

-Visitortenesta har ei høg stjerne innanfor Røde Kors og vi blir mottatt med respekt.

Gler seg

Visitor

Frå visitor-brosjyre dei insette får.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Neste uke blir fire nye visitorer klare i Ålesund.

Den nye visitoren, Gunnar Haagensen, gler seg til å bidra.

- Det er spennande og eg ser det som ein rikdom i mi livserfaring at eg får bidra med noko.