Teinene og rusene var sett på for grunt vatn. Garna var sette for høgt i sjøen, slik at det kunne kome laks i dei.
Oppsamlingsruse
I tillegg fann mannskapet på Titran ei oppsamlingsruse der det låg to hummerar med strikk ruundt klørne. Truleg ønskte dei som hadde gjort dette å halde hummeren i sjøen til hummerfiske blir lovleg seinare på hausten, men slik oppbevaring er dyreplageri og slett ikkje lov, seier Hoel.Han er usikker på om dei som eig det ulovleg sette utstyret eigentleg er klar over kva reglar som gjeld.
Skjer stadig
At kystvakta kjem over ulovleg fiskeutstyr skjer stadig. Før Smøla-toktet fann dei rundt 40 ulovleg sette teiner utanfor øya Grip. Hoel har likevel tru på at situasjonen vil betre seg på sikt.