NRK Meny
Normal

Berre nesten bortepoeng for Kristiansund

KBK såg ut til å kjempe seg tilbake etter å ha ligge under 2–0. Etter nokre hektiske sluttminutt enda det derimot med bortetap.

FFK mot KBK

Fredrikstad og Kristiansund på veg inn på banen før kamp.

Foto: Bendik Rise

Laster innhold, vennligst vent..
Christian Michelsen

Kristiansund-trenar Christian Michelsen fekk berre nesten med seg poeng frå Fredrikstad Stadion.

Foto: Roar Halten / NRK

Heimelaget tok leiinga 1–0 ved Mouhamed Gueye etter 14 minutt, før Fredrikstad la på til 2–0 etter 65 minutt då Netan Sansara fann mål.

Kristiansund reduserte etter 77 minutt då Tor Erik Torske scora, men trass i fleire store sjansar enda det 2–1 på Fredrikstad Stadion.

– Eit heiderleg tap, men heiderlege tap er ikkje morosame, sa trenar Christian Michelsen til NRK etter kampen.

Resultatet gjer at FFK går forbi KBK i 1. divisjon. Kristiansund ligg på 6. plass med 28 poeng, medan Fredrikstad går opp på 4. plass med 30 poeng.

Fredrikstad Stadion

Fredrikstad Stadion ikkje lenge før kampstart måndag.

Foto: Bendik Rise
Laster innhold, vennligst vent..