Berre «eigna menn» kan vere eldste

Indremisjonsforbundet meiner at berre «eigna menn» skal site i eldsteråd i organisasjonen. Emblem bedehusforsamling i Ålesund blei historiske då dei, som første forsamling i indremisjonen, opna for å ha kvinner i eldsterådet i 2019. Det skriv Vårt Land.

Generalsekretær i ImF, Erik Furnes, forsvarte i dag synet til forbundet i Dagsnytt 18.

– Vi arbeider for likestilling på dei aller fleste område elles i samfunnet, men vi skal også halde oss til det vi trur er Guds ord, seier Furnes.

Erik Furnes, Indremisjonen
Foto: Magnus Gamlem / NRK