Hopp til innhold

Berre 2 av 36 er kvinner

Møre og Romsdal får berre to kvinnelege ordførarar etter valet. Ingunn Golmen (Sp) blir ordførar i Aure, medan Ann Kristin Sørvik (Sp) blir ordførar i Averøy.

Ingunn Golmen og Ann Kristin Sørvik

Senterpartiordførarane Ingunn Golmen (Aure) og Ann Kristin Sørvik (Averøy) er dei einaste kvinnelege ordførarane i Møre og Romsdal.

Golmen er svært skuffa over at det blir så få kvinnelege ordførarar i fylket.

– Det er rett og slett alt for dårleg. Vi starta med fem i perioden som var, og hadde eit stort håp om at det skulle bli fleire, seier ho.

Viktig posisjon

Ordførarposisjonen er viktig fordi ordføraren har stor makt, og i kommunane i Møre og Romsdal er det mennene som har makta.

Fleire kvinner i politiske posisjonar har lenge vore eit mål som har hatt brei støtte.

Men i Møre og Romsdal gjekk altså talet på kvinnelege ordførarar ned dette valet. Berre to av 36 mulege er kvinner.

– Lokalpartia har ansvaret

– Det er heilt klart eit lågt tal. Med tanke på at kvinner utgjer ein heilt anna prosentdel av folketalet enn dette, seier professor i statsvitskap i Trondheim, Torill Aalberg.

Ho meiner det er lokalpartia som har ansvaret.

– Det er som regel menn som blir plassert øvst på dei ulike politiske listene. Kvinnene blir plassert på andreplass. Og det er også gjerne sånn at dei som står øvst på lista er ordførarkandidatane til dei ulike partia, seier Aalberg.

Taper etter valet

Aure-ordførar, Ingunn Golmen, meiner kvinnene først og fremst taper i forhandlingane etter valet. Men ho trur også kvinnene sjølv må ta litt av ansvaret.

– Ein del kvinner vegrar seg for å stå på toppen av lista og vere den som skal fronte partia. Det er nok ei utfordring for lokalpartia å finne damer som er villige til å fronte, seier Golmen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL