– Eg bestemte meg for å verte bonde då eg var 15 år gamal og skulle velje kva linje eg skulle søkje på i den vidaregåande skulen, fortel Gunn Marit Musgjerd.
– Det var fordi eg ville vere som pappa.
Har trua på norsk landbruk
Gunn Marit har vakse opp på ein gard i Sunndal. Det likte ho så godt, at ho har bestemt seg for å ta over drifta sjølv ein dag.
Berre 14 prosent av bøndene i Noreg er kvinner. Gunn Marit håper ho får selskap av fleire.
– Heime fekk eg sjå på alt det trivelege som skjer på ein gard. Kalvinga er noko av det mest spesielle. Å vere vitne til at eit nytt liv vert til, er noko av det kjekkaste ein kan oppleve, seier ho.
– Eg angrar ikkje eit sekund på at eg byrja på landbruksskulen på Gjermundnes. Eg har trua på at det er ei framtid i norsk landbruk. Men eg er ei lita jente og er ikkje så sterk, så eg treng ein kar som kan vere med å ta det tyngste arbeidet.
Les også:
– Ein gard er livsverket til mange generasjonar
Gunn Marit Musgjerd er ei av 12 kvinner som Rose Bergslid frå Bioforsk Økologisk på Tingvoll har intervjua om kvinner i landbruk. Bergslid seier det er spesielt ein motivasjonsfaktor som er viktig for dei som tek over ein gard, og det er å halde garden i slekta.
– Ein gard er mykje meir enn ein arbeidsplass, det er livsverket til mange generasjonar bak. Det er navet i slekta som dei ønskjer å føre vidare.
Det dei intervjua kvinnene er mest redde for med å verte bonde, er økonomien.
Nestleiar i Norsk Bondelag, Berit Hundåla, har sjølv drive gard i over 30 år, og kjenner seg att i argumenta til dei unge bondekvinnene.
– Det er skremmande å verte bonde. Eg skulle ønskje situasjonen for norske bønder var annleis. No er det berre eitt verkemiddel som skal til for å rekruttere både kvinner og menn til å verte bønder, og det er betre inntekt, seier Hundåla.
– Om bønder ikkje får betre inntekt, er det ingen ungdommar, verken jenter eller gutar, som ønskjer å overta garden.
– Auka inntekt er avgjerande
Og nestleiaren i bondelaget har full støtte frå Norsk bygdeungdomslag.
– Det er inga tvil om at inntekt er heilt avgjerande for om unge kvinner og unge menn skal gå inn i landbruket, seier bygdepolitisk nestleiar, Gunn Jorunn Sørum.
– Kvifor er det viktig med kvinner i landbruket?
– Eg trur jenter kan bringe med seg andre perspektiv, eit anna verdi- og erfaringsgrunnlag inn i landbruket. Kvinner er meir opptekne av kontakten med dyr, matkultur og det å gjere noko meir ut av garden som arbeidsplass.
Kathrine Kleveland, leiar i Noregs Bygdekvinnelag, seier det ikkje er nok å berre få kvinner til å styre garden, men også å få fleire kvinner inn i leiiande stillingar i landbruket.
– Eg er oppteken å få fleire jenter heilt til topps i norsk landbruk for å påverke framtida vår og den matproduksjonen vi har i Noreg.