Hopp til innhold

Vil bruke 5 millionar på å redde «rønne»

Bør ein berge eit gamalt og falleferdig hus som ligg 108 centimeter frå europavegen? Eitt av argumenta er at svært mange i Noreg har køyrt forbi det.

To karar stavrar i snøen med kvar sin planke på skuldra. Dei hamrar laus på dei opne hola på huset.

Det ser mest ut som ei scene i dukkefilmserien «To gode naboar».

– Dette huset skal bli dalens pryd, seier Roe Setnes.

Problemet er berre at det vil koste 5 millionar kroner.

Berge Hjørungnes og Roe Setnes spar fram eit falleferdig og kanskje verneverdig tømmerhus frå 1700-talet.
Berge Hjørungnes studerer tømmervegg i Rauma
Skalking av open dør på tømmerhus i Rauma
Dører og vindauge er slått ut på tømmerhuset i Rauma.
To menn framfor falleferdig tømmerhus nesten på E136.

Nær vegen i 150 år

Vindauge og dører har falt ut. Snøen bles inn på det slitne golvet. Her har det vore hærverk, uvêr og vanskjøtte sidan 1980-talet.

Det hjelp heller ikkje å ha ein europaveg 1,08 meter frå veggen. 2000 bilar og lastebilar kvart døgn. Saltsprut og svevestøv sett spor.

Likevel vil arkitekt Berge Hjørungnes berge bygget. Det var Romsdals Budstikke som først meldte om saka.

Skitt og forfall i første etasje på tømmerhuset i Rauma

Tømmerhuset er i god stand, ifølge ein rapport. Alt er relativt.

Bak den gamle tapeten er det gamalt tømmer i Rauma

Bak den gamle tapeten er minst 250 år gamalt treverk.

Første etasje med open dør

Stua i første etasje har ein såkalt open løysning.

Tømmer bak knuste vegger i Rauma

Det er til å forstå at det vil koste å få tømmerhuset i prima stand igjen.

Utsikt fjell Rauma frå tømmerhuset

Men utsikta or vindauga er framleis mektig.

– Det er eit trehus på snart tre hundre år, noko som er svært sjeldan på desse kantar, seier Hjørungnes, som er leiar av Fortidsminneforeninga i Romsdal.

– Det er vel mange hus frå 1700-talet i landet. Kvifor er det så viktig å redde nett dette?

– Vegen har dei siste 150 åra gått forbi der. Så hundretusenvis har køyrt forbi og fått eit forhold til dette huset.

Dronebilete av tømmerhuset på Ytter-Monge, 108 cm frå europaveg 136.

E136: Du har kanskje sett det slitne huset mellom Bjorli og Åndalsnes.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kor sjeldan er det?

Jon Bojer Godal har dei siste tiåra gitt ut fleire bøker om tømring og tradisjonelt handverk.

Han seier det er særs vanskeleg å anslå kor mange slike eldgamle tømmerbygg det er på Vestlandet og oppover.

– Grunnen er at dei fleste er bygd inn i nyare hus. Eg bur sjølv i eit hus på Nordmøre som er bygd inn tre gonger gjennom dei siste 200 åra, seier 85-åringen.

Bilder nevergutta i Heim

FORTELJARKRAFT: Jon Bojer Godal i Heim kommune er nestor innan gamle byggskikkar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Godal peiker på at om det ikkje er alderen, men forteljarkrafta til eit bygg, som gjer det verneverdig.

– Da meiner eg ikkje om kjente personar har budd der eller vore innom. Men kva tømmer og stokkmetode som er bruka, verktøyspor og kva inventar som følgjer med.

– Slikt kan brette ut historie og detaljar, meiner raulendingen.

Andre etasje i tømmerhuset på Ytter-Monge

ANDRE ETASJE: Huset har i si tid truleg husa to store familiar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Bra for klima

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad hevdar tømmerhuset ved E136 i Rauma har høg verneverdi. Det er nemleg eit svært godt eksempel på romsdalslån, ein trøndersk lafteskikk som kom til distriktet.

Riksantikvaren seier at det både er berekraftig og verdifullt for lokalmiljøet å ta vare på hus som alt er bygd.

Gamle hus er gjerne bygd med solide materialar og godt handverk. Stadig fleire sett også verdien av bevaring inn i eit klimaperspektiv, noko me støttar, skriv Riksantikvaren.

Ifølge ein rapport har skiferen på taket gjort at tømmerhuset er i ganske god stand innandørs.

Roe Ivar Setnes og Berge Hjørungnes ser på det enn så lenge solide tømmertaket i Rauma

SOLID TØMMER: Roe Setnes og Berge Hjørungnes beundrar det enn så lenge solide tømmertaket.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sjølv om det altså ser lett bomba ut innanfor dei knuste dørene.

Redningsmann Berge Hjørungnes fortel at huset først stod i eit klyngetun i området, før det blei flytta hit i 1862.

– Fram til for 30 år sidan hadde huset ein nydeleg grønfarge rundt vindauge og dører. På baksida kan ein sjå at det er autentisk som på 1700-talet, blant anna med småruta barokkvindauge, fortel han.

Kyrkja og Martin Luther

Jon Bojer Godal seier at det ikkje nødvendigvis er vêret som gjer at det er færre gamle tømmerhus i nokre delar av landet. Prestesonen skuldar på kyrkja.

– Om ein ser på kart over tømmerbygg frå mellomalderen, er dei fleste bevarte der kyrkja hadde lita makt, fortel Godal.

Kyrkja slo under seg store gardar. Men etter Martin Luther blei gardane selt vidare til kongen, så til godseigarar, før det kom tilbake til storbøndene. Men på dei mest ukristelege stadene, som Telemark og Setesdal, blei bygga verande i same familie gjennom generasjonane.

– Det verste for bevaringa av eit bygg er nok hyppige handlar, meiner byggnestoren.

Kors kyrkje (kirke) ved Marstein i Rauma er nærmaste nabo til tømmerhuset.

NABOEN: Kors kyrkje er nærmaste nabo til tømmerhuset.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kva skal det brukast til?

Den nærmaste naboen til tømmerhuset i Rauma er faktisk ei gamal kyrkje. Berge Hjørungnes ser for seg at bygget kan brukast til etterkyrkjelege aktivitetar. Slikt som smørbrød, kaker og kaffi etter dåp og konfirmasjonar.

Dessutan er det ofte langreiste hjortejegerar og laksefiskarar i nærområdet – som kan tenkast å leige det.

Berge Hjørunges ved hjørnet av tømmerhuset i Rauma

FLYTTEJOBB: Kulturminne-entusiasten forsøker å få flytta huset eit par hundre meter.

– Korleis reagerer du om eg kallar det ei rønne?

– Nei, nei! Det har ikkje komme så langt. Det er eit hus som har blitt herpa litt etter det blei forlate. Men ikkje ei rønne. Og ikkje ei ruin.

– Dette kan bli ei perle i dalen, seier Hjørungnes.

Om nokon vil betale for det.

Er det verdt fem millionar kroner å berge tømmerhuset frå 1700-talet?