NRK Meny
Normal

Bergar morellane frå å bli umoglege å selje

Kraftige regnbyer skal ikkje lenger kunne øydelegge morellavlingane for éin av dei største bærdyrkarane på Linge i Norddal.

Kraftige regnbyer skal ikkje lenger kunne øydelegge morellavlingane for ein av dei største bærdyrkarane på Linge i Norddal. Eit nytt system for å halde bæra tørre dersom himmelens sluser opnar seg er teke i bruk.

Morellane i Linge blir beskytta frå både vêr og vind med ny duk.

Skadde moreller

Morellar som sprekk er skrekken for alle som driv med morelldyrking. Då rotnar dei raskt, og kan ikkje seljast til forbrukarane.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK
Emilie Ingeborg Mansfield Heggen

Emilie Ingeborg Mansfield Heggen sorterer og sel både morellar og bringebær. Det er tredje året ho har sommarjobb med bær i fokus.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

No har nemleg eit nytt system for å halde bæra tørre teke i bruk.
Dersom himmelens sluser opnar seg vil ikkje bæra vere like utsette.

– Det er mykje fine morellar, berre vi bergar dei mot regn. Og det veit vi at vi gjer når vi har dei under duk, seier Signe Brenna, morelldyrkar på Linge.

Ein svært kraftig plastduk dekker 2,8 mål med morelltre i Linge. Den bergar bæra frå regnet, men skal òg tole kraftig vind.

– Desse flaka løfter seg når det bles, seier Brenna og viser.

Duken ligg lag i lag.

– Då går vinden mellom. Dei ligg som takstein, fortel ho.

Sprokne når aldri butikken

For sjølv den sterke vinden på Vestlandet skal duken tole.

Regnet er derimot det viktigaste nyvinninga verjar mot. Med regn startar nemleg bæra å sprekke.

– Når bæra er sprokne så kan vi ikkje selje dei. Dei er like gode i starten, men så blir dei mugne. Så det er ikkje salsvare, slår Brenna fast.

I verste fall kan all inntekt gå tapt når bæra sprekk. For det å dyrke både bær og andre matvarer kan vere risikabelt.

Dermed er duken heilt naudsynt for ein morelldyrkar som Brenna på Linge i Norddal kommune i Møre og Romsdal.

Saka held fram under bildet.

Tsjekkiske bærplukkarar

Fire gode kameratar frå Tsjekkia plukkar morellar på Linge. F.v.: Dalibor Feit, Jakub Bača, Michal Horák og Radim Falout.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK
Signe Brenna

Signe Brenna har dyrka morellar i 35 år på Linge. Ho vonar den nye takduken over morellhagen skal hindre at bæra sprekk. Skadde bær gir store inntektstap for dyrkarane.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Betre enn før

Under duken veks seks ulike sortar morelltre. Bærsortane blir modne til ulik tid, så plukkarane må vere varsame og plukke til rett tid.

Dei er i tillegg svært fornøgde med duken som beskyttar.

– Eg synest systemet er veldig bra, for det vernar bæra mot regn. Det er betre enn før synest eg, seier Radim Falout frå Latvia.

Han meiner morellane på Linge er svært så søte.

Ikkje nytt system

Dekket over morellhagen på Lingen er eit nytt syn på desse kantar av landet.

– Systemet brukar dei i Lærdal, Hardanger, Telemark og Agder, men det er første systemet som har blitt sett opp på Nordvestlandet, fortel Brenna.

For henne ser årets avling no ut til å bli stor.

– Om vi bergar mesteparten så blir det 2–3 tonn. Eg er så fornøgd, så.

Moreller

Plukka morellar på Linge. Det er ein kunst å plukke morellane på det rette tidspunktet.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK