NRK Meny
Normal

Berga mann frå brennande seglbåt

Mannen om bord i den brennande seglbåten mellom Flisneset og Sula blei berga av ein fiskar som var i nærleiken. Det sto både kraftig røyk og flammar opp frå båten.

Seilbåt i brann

Her har mannen som var om bord i seglbåten akkurat kome i land.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det var like etter klokka 14.00 måndag at seglbåten tok fyr. Det var éin person om bord, og både helikopter og ei ferje deltok i berginga.

Arild Sætre låg med båten sin og fiska. Han la merke til at det kom ein seglbåt, men alt såg i byrjinga heilt normalt ut.

Arild Sætre

Arild Sætre låg og fiska då han såg røyk frå ein seglbåt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Men etter ei stund såg eg at det kom røyk ut av seglbåten. Og det kom stadig meir røyk. Då tenkte eg berre at eg måtte drage inn fiskeutstyret og køyre bort til seglbåten for å sjå kva som hadde skjedd, seier Sætre til NRK.

Sætre brukte om lag 3 minutt på å kome seg til den brennande seglbåten. Då han kom fram steig det både røyk og flammar opp frå båten.

Det var store flammar, og eg frykta det verste. Eg såg ikkje folk med det same. Men brått såg eg han framme. Han hadde med seg ein livbåt som han heldt på med.

Sætre festa tauet frå livbåten til sin eigen båt og slepte han inn til Vegsundet i Sula.

Gummibåt

Mannen hoppa i denne livbåten.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Eg opplevde situasjonen som dramatisk, og var redd for korleis det hadde gått med folk om bord. Då eg kom fram til båten fortalde han at han var åleine om bord.

Båten fekk store skader og gjekk ned havbotnet. Mannen som var om bord var prega av det som hadde skjedd, men skal ikkje vere alvorleg skadd på nokon måte.

Flisnes
Foto: NRK