12 personar blei berga ut frå blokka på Øverland. Foto: Rune Hansen.
Det bur fleire eldre personar i blokka og brannmannskapa måtte bruke stigebil for å få ut alle, seier operasjonsleiar Harald Rønning i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
Ukjent årsak
Politiet veit førebels ikkje kva som var årsaka til brannen som braut ut i ei leiligheit i sokkeletasjen i den fire etasjar høge blokka.
Blokka tiløyrer Øverland burettslag i Molde og sterk røykutvikling førte til at det ikkje var mogleg å bruke dei vanslege utgangane, fortel Rønning.
Mykje røyk
Brannen avgrensa seg til leiligheita der den starta og brannmannskapa fekk raskt kontroll over brannen, men mykje røyk fylte heile oppgangen.