Hopp til innhold

Berga av skredsøkar

Nyttårshelga blei tre personar tekne av eit snøskred på fjellet Auskjeret i Sykkylven. Dei trudde skredfaren var liten. Men brått byrja snøen å flytte på seg.

Video nsps_upload_2010_1_4_20_14_0_2682.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

5 erfarne fjellfolk hadde peika seg ut Auskjeret i Sykkylven som turmål nyttårsaftan. Dei hadde med seg søkestenger, spade og skredsøkar. Før dei drog ut på turen gjennomførte dei også gruppetest av utstyret for å sjekke at alle sendarane og mottakarane virka som dei skulle.

Høyrde hyl

Fire av dei som var i følgjet blei tekne av raset. Den eine klarte å halde seg på oppsida av snøen, medan tre blei liggande under snøen og måtte gravast fram. Den femte, Magne Tessem, kom eit stykke lenger bak, og klarte å halde seg unna snømassene som raste ned fjellsida.

Magne Tessem

Magne Tessem viser kva som skjedde.

Foto: Andreas Sundby / NRK

- Eg høyrde berre eit hyl. Så såg eg at omtrent heile toppsida gjekk på ein gong. Så såg eg ein person forsvinne under snøen, og så blei det heilt stille, fortel Magne Tessem.

Stor skredfare i fjellet

Berga av skredsøkar

Dei fem er sikre på at dei blei berga av utstyret dei hadde med seg. To av dei som var begravd av snøen, låg ganske høgt i rasfeltet og var lette å finne. Men ein av dei var heilt ute av syne. Magne Tessem fekk raskt fram søkestengene og skredsøkaren.

- Eg gjorde berre eit raskt sveip med arma mi for å sjekke om dei kunne vere like i overflata. Heldigvis dukka det opp ei arm, og personen var ved godt mot. Det gjekk nok omlag 5 minutt før vi hadde funne alle personane, seier Tessem.

Snøkaos

Dempa feiringa

Takras

Anonyme

Dei andre turdeltakarane vil helst ikkje stå fram med namn, i redsel for å bli framstilt som "idiotar på fjellet". For det er dei slett ikkje, presiserer dei. Dei fortel at dei var godt utstyrte og hadde med seg mykje tryggings-utstyr. Det var dårleg sikt i området, og før skredet blei utløyst konkluderte følgjet med at dei var ute av kurs. Etter å ha korrigert kursen fann dei ut at dei hadde kome for langt mot høgre igjen, og justerte kursen mot venstre.

- Nokre få meter seinare høyrer vi eit tydeleg drønn i snøen, og raset blir løyst ut, skriv ein av turdeltakarane i ein e-post til NRK Møre og Romsdal.

Utstyret berga liv

Magne Tessem seier at godt utstyr var heilt avgjerande for at hendinga skulle få ein lukkeleg utgang.

- Søkeutstyret var veldig viktig, spesielt for å finne den siste av dei som hamna i raset. Han låg eit stykke unna. Han hadde ein posisjon som var vanskeleg å logisk forklare. Det at vi raskt kunne lokalisere også denne personen gjorde at vi slapp å dra avgarde for å hente ekstra hjelp. Mest sannsynleg berga dette utstyret livet til den siste som blei funnen. Men det er vanskeleg å spekulere rundt slike saker, seier Tessem.

Auskjeret Sykkylven Skred

Tre personar måtte gravast ut av gropa nedst på biletet.

Foto: Lufttransport

Rimeleg god form

Det har gått nokre dagar sidan raset skjedde, og turkameratane seier at dei no er i rimeleg god form igjen.

- Det går greit no. Eg prata nettopp med dei andre. Det går greit og vi har prata mykje saman. Vi har blitt samde om at vi framleis skal gå på slike turar, seier Magne Tessem til NRK Møre og Romsdal.

Video nsps_upload_2010_1_5_10_39_51_2713.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL