Hopp til innhold

Sovna frå nattmaten – berga av naboen

Ein merksam nabo redda truleg livet til to personar i Nesset i natt.

Politibil - illustrasjon

ILLUSTRASJONSFOTO: Alle raudetatane rykte ut til ein bustad i Nesset i natt.

Foto: Illustrasjonsfoto / SCANPIX

Det var i morgontimane søndag at alle naudetatane rykte ut til ei tørrkoking i ein bustad i Nesset kommune.

Ein bebuar i underetasjen hadde kjent røyklukt og tok seg inn i bustaden. Der fann han to personar sovande.

– Det berga truleg livet til dei to. Dette kunne fort ha blitt alvorleg, det er slike ting som tek liv, seier Frode Gjøsund, operasjonsleiar for politiet i Nordmøre og Romsdal

Skal vere uskadd

Dei to personane får no behandling av ambulansepersonell på staden.

– Dei skal ifølgje meldingane vere uskadd, seier operasjonsleiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL