Høyrde raset
Gardbrukar Bjarne Sigurd Drabløs sat heime på garden søndag ettermiddag då han høyrde raset byrje å gå ovanfor riksvegen på Drabløs i Velledalen i Sykkylven.
Bjarne Sigurd Drabløs dreiv kyrne gjennom denne undergangen (Foto: Svein Winther, NRK)
I siste liten
Ovanfor vegen stod 12 kyr medan vatn, grus og stein fløymde mellom dei. Drabløs sprang til staden og klarte med stor fare for seg sjølv å drive kyrne gjennom ein undergang under vegen. Han fekk kyrne gjennom i siste minutt før raset kom for alvor og tetta undergangen.
Skjelven
I dag er Drabløs skjelven i knea. Han innser at det han gjorde var svært risikabelt.
Slik såg raset ut måndag formiddag (Foto: Svein Winther, NRK)