Ber Støre snu i energisak

Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i fylkestinget i Møre og Romsdal, Tove Lise Torve, meiner partiet vil blø dersom stortingsgruppa seier ja til EU sin tredje energipakke. På Facebooksida si ber ho partileiar Jonas Gahr Støre om å lytte til protestane frå grasrota.I ettermiddag er stortingsgruppa samla for å ta stilling til den betente saka. Arbeidarpartiet sin stemmegiving blir avgjerande. NHO-direktøren i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, meiner Arbeidarpartiet set arbeidsplassane i spel der som partiet sin stortingsgruppe stemmer mot EU sin tredje energipakke.

Tove-Lise Torve
Foto: Roar Halten / NRK